Kunnskapen nedslaktinga av villrein i byggjer på, lek som ein sil! REINDRIFTHÅKON SKJERDAL AURLAND

Publisert

Gode Siri Helle! Ver snill å tru meg på at det ikkje finst eit einaste lite snev av ironi eller maktspråk i dette «Gode», frå mi side! Eg har svært stor respekt for deg og det du står for, og når eg kvar fredag opnar Dag og Tid, er artiklane dine noko av det første eg ser etter. Til vanleg er eg òg heilt på linje med meiningane og argumenta dine, men i siste nummer av Dag og Tid skil me nok lag, i artikkelen din med tittelen «Å ikkje handle er òg ei handling», pluss undertittel.

Ja, det er sant som du seier, at å ikkje handle også er ei handling. Slik eg oppfattar deg, meiner du med dette at me som meiner at ei total sanering er ei alvorleg feilvurdering, lèt att augo for den kunnskapen som finst om skrantesjuka, Chronic Wasting Disease (CWD), og at me dermed gjer oss mindre enn me er. For å illustrere denne formuleringa siterer du den velkjente utsegna i Brødrene Løvehjerte:«Det fins saker man måste göra, även om det är farligt. Annars är man ingen människa utan bara en liten lort». Eg føler at dette er unødig harde og sårande ord om dei som no kjempar mot den pågåande nedslaktinga. Eg skal ikkje snakke for andre enn meg sjølv, men kjenner at formuleringane du nyttar, treffer ilt. Men mykje viktigare enn såra kjensler, er omsynet til dei om lag 1400 prektige og aldeles friske reinsdyra – perfekt tilpassa det alpine økosystemet dei er ein naturleg del av, som no må bøte med livet fordi menneske med makt og mynde har bestemt at dette må gjerast nett no. Og for meg handlar denne kampen om alt anna enn å gjera seg mindre enn ein er. Tvert om, vil eg hevda! Noko heilt anna er at eg føler meg liten og makteslaus; eit resultat av det massive, einsidige køyret frå dei statlege vedtaksorgana, som valsar over alle innvendingar og argument som kjem fram. Saneringsplanen som er sett i verk, hevdar at siktemålet er å sikre artsmangfaldet. Smitten må utryddast der han er påvist, vert det sagt, og det høyrest både logisk og fornuftig ut, viss me var sikre på at det berre var i sone 1 smitten fanst, vel å merke. Men det er me då slett ikkje. På ingen måte. Og eg tek meg i å lure på korleis det kan ha seg at så mange oppegåande menneske kan få seg til å tru at løysinga ligg i å rydde vekk all villrein som finst her. Nei, eg overser slett ikkje den kunnskapen som finst, men vågar å setje eit stort spørjeteikn ved kor klokt det er å handle så drastisk som det saneringsplanen legg opp til, så lenge denne kunnskapen, etter mi meining, best kan karakteriserast som svært mangelfull.

– Me veit ikkje kvar smitten kjem frå.

– Me veit ikkje kor lenge sjukdommen har funnest i fjella våre.

– Me veit ikkje om dyra har, eller kan utvikle motstandskraft (resistens) mot denne sjukdommen over tid.

Etter mitt syn tykkjest det berre vera eit utfall som er sikkert viss ein vel å utrydde heile villreinstamma i sone 1 i Nordfjella; ein har spelt bort ein unik sjanse til å finne svar på spørsmåla over. Smitten finst, garantert ikkje berre i Nordfjella, og det som etter mi meining bør skje no, er at:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement