Kunnskap skal gulpast opp

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eksamen er avlyst for tredje år på rad. Skal vi attende til barokken eller sikte mot eit meir heilskapleg vurderingssystem?

Aasmund Olavsson Vinje skreiv i 1859:

Kunnskap skal styra Riki og Land,

og Yrkje skal Båten bera,

og Ingen må vera ein Styrismann,

som ikkje ein Mann kan vera.

Dette verset har vore brukt i mange samanhengar, som eit slags moderne håvamål. Verset kan lesast som om det i første linje blir stilt krav til kunnskap, i andre linje til dugleik og i tredje og fjerde linje til haldningar, danning og leiing. I skolen i dag utgjer kunnskap, dugleik, haldningar og danning den kompetansen elevane skal tileigne seg gjennom skoleløpet. Samstundes kan det sjå ut som om ein i ordvekslinga omkring eksamen ikkje alltid er medviten om at kunnskap og kompetanse ikkje er jamlike storleiker.

Det har vorte sagt at det særleg er to ting som det norske folk er sams om: Noreg skal vere eit demokrati og norske skuleelevar skal ha eksamen. Monarkiet i Noreg har røter som strekker seg over meir enn eit millenium. Eksamenstenkinga vår har røter attende til barokken. I motsetnad til det dansk-norske monarkiet, som var eineveldig i barokken, ja heile perioden 1660–1814, så har kan hende ikkje eksamenstenkinga utvikla seg like godt. Kongedømmet har vorte konstitusjonelt. Men det kan synast som om førestillinga om eksamen i samfunnet framleis inneber reproduksjon av pugga informasjon.

Sjølv om ikkje Edith Carlmar sin klassiske film «Betre enn sitt rykte» er frå barokken, men frå 1955 (det kan hende ungdommane i dag har ei oppleving av at filmen er fleire hundre år gammal?), er likevel det meste av den skole- og ungdomskulturen som Carlmar skildrar i denne filmen gammaldags. Men på eitt område er det ikkje skjedd noko endring på dei to mannsaldrane som har gått sidan denne filmen hadde premiere. Skolegangen blir avslutta med eit lotteri, den mykje omtalte og særnorske eksamenstrekkinga.

Her er ei av utfordringane. Trekkordninga for eksamen er ei komplisert affære, som også gjer det vanskeleg med den praktiske gjennomføringa av eksamen i ei pandemitid. Hadde vi hatt eit meir heilskapleg vurderingssystem, kunne sluttvurderinga kan hende følgt normalen i større grad enn det som har blitt ordninga dei siste tre skoleåra.

Ikkje berre er trekkordninga utfordrande, det er også oppgåvetypane elevane har møtt i testing av eksamen etter Fagfornyinga – LK20. Når dei som arbeider i sektoren, får reaksjonar frå elevar i vidaregåande skole om at dei eksamensoppgåvetypane som elevane til dømes har blitt presentert for i engelskfaget, er oppgåvetypar elevane sist møtte på barneskolen, er det kan hende viktig å ta fram att spørsmåla eksamensgruppa stilte i sitt arbeid: Kva er hensikta med eksamen? Kva skal eksamen eigentleg prøve?

Eksamensgruppa, som blei sett ned av Utdannings­direktoratet, fann svært få forskingsbaserte grunngjevingar for kvifor eksamen i Skole-Noreg har utvikla seg slik han har gjort. Her er det meir makta til vanen som gjeld, enn vitskaplege årsaker, kan det synast som.

No er det ein gyllen sjanse til å sjå på heile eksamensordninga for å få eit meir heilskapleg system for vurdering. Vi har nye læreplanar i alle fag, vi har ei ny overordna læreplantenking. Dette inneber at tenkinga om vurdering er annleis. Dette medfører òg at eksamen ikkje lenger kan vere like styrande for opplæringa. Vi må unngå at arbeidet med eksamenstrening fører til skjulte læreplanar i faga, og sørgje for at elevane får opplæring i heile faget, ikkje berre det dei treng for å vere førebudde til sjølve eksamenssituasjonen.

I læreplanverket er definisjonen på kompetanse: «(…) å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning.»

Vi i Skolelederforbundet er glade for at det no er sett i gang ei oppfølging av arbeidet til eksamensgruppa, og vonar at eit meir heilskapleg system for sluttvurdering kan komme på plass i ikkje altfor fjern framtid. Med eit heilt kull i både ungdomsskolen og vidaregåande skole som ikkje har hatt eksamen, burde alt liggje til rette for å få på plass ei meir heilskapleg tenking om eksamen der det blir mindre viktig å gulpe kunnskap opp att, men heller å skape ein arena der elevane faktisk får vist kompetanse i tråd med læreplanane i faga.