Kunne Noreg ha bidrege til ei løysing på krigen?
Verdas største og mest moderne hangarskip, USS «Gerald Ford», seglar ut Oslofjorden.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Eg er klar over at denne artikkelen ikkje er «stuerein», men i ei tid med fastlåste meiningar i massemedia er det nødvendig at krigen i Ukraina blir analysert og diskutert frå så mange synsvinklar som mogleg for å sjå om det finst betre alternativ enn å sende stadig fleire og meir avanserte våpen som spreier død og øydelegging. Noreg kunne valt å bruke den internasjonale erfaringa si med fredsmekling, men valde i staden ein konfronterande politikk som hittil har blokkert dette alternativet.
Observasjonar og historiske parallellar i tid og stad tvingar fram ei rekkje spørsmål der det vil vere klargjerande at problema blir tekne opp til diskusjon.
Det er lite usemje om at det er Russland som er skuld i krigen med invasjonen av Ukraina, men me bør spørje: Var invasjonen eit imperialistisk prosjekt for å innlemme Ukraina i Russland, eller var det ein «spesialoperasjon» for å hindre at Ukraina blir medlem av Nato? Svaret på desse spørsmåla er sentrale når det gjeld argumenta om at Russland vil utgjere ein trussel mot Vesten dersom krigen blir avslutta utan at Ukraina vinn krigen. Eit anna poeng i samband med dette er kor sannsynleg det er at Russland vil angripe Vesten, som har ein meir avansert militærteknologi og eit militærbudsjett 20–30 gonger større enn sitt eige?
Uansett grunn var invasjonen ein kjempetabbe av Russland som dei no må betale for. Men betyr det at me skal bruke milliardar på å bidra til å ta livet av tusenvis av unge menneske på begge sider? I ein atmosfære som minner om tida før krigsutbrotet i 1914, då delar av Europa ønskte krig, må me ikkje gløyme at dei tusenvis av drepne og lemlesta menneska på begge sider har foreldre og barn som er glade i dei.
Likevel ser me ei kompakt semje, i vår del av verda, om at det er berre tilgang til uavgrensa mengder av våpen og ressursar til Ukraina som kan få slutt på krigen. Denne massive våpenleveransen gjer det uklart kven som er aktørane i krigen. Dei fleste av oss er samde i utsegna «helaren er ikkje betre enn stelaren». I dette tilfellet er det spørsmålet om leverandørane av våpen og ressursar til krigføringa er betre enn dei som bruker våpena til død og øydelegging.
Å kalle den norske ukrainapakken på 75 milliardar opp etter Fridtjov Nansen burde ført til ein proteststorm frå historikarane våre. Så seint som den 22. mai sa Stoltenberg at me må førebu oss på ein langvarig krig, noko som betyr at mesteparten av pakken vil gå til våpen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.