JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Snorking er ille, apné er verre

Partnaren vekker deg med eit bebreidande blikk: Du heldt meg vaken med snorkinga di! Heile natta! Ikkje faen, tenker du kanskje. Seier det òg. Men i våre dagar skal du ha takk – partnaren har videobevis!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5282
20240126

Søvnapné

Niels Christian Stenklev

5282
20240126

Søvnapné

Niels Christian Stenklev

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Nattleg lydforureining er éi sak, partnartrøbbel ei anna, men verre er det om du attåt snorkinga også har nattlege pustestopp. Dette heiter søvnapné. Om du har fleire enn fem stopp i timen og er trøytt på dagtid, har du søvnapnésyndrom, eller snorkesjuke. Sjølve snorkelyden kjem av turbulens i luftvegane, pustestoppen får du når luftvegane kollapsar.

Barn kan ha søvnapné. Den vanlegaste årsaka hjå dei er forstørra falske mandlar (sit bakarst i nasesvelget) eller store, vanlege halsmandlar. Hos vaksne er det ofte fleire årsaker til apnéane: aukande kroppsmasse med alderen (feittet legg seg også rundt luftvegane), tronge naseholer, kroniske sjukdommar, sløvande medikament eller alkoholbruk.

Det vart aukande merksemd om snorking og søvnapné for ein del år sidan, da ein hadde tru på at eit nokså enkelt kirurgisk inngrep kunne vere effektivt mot snorking hos vaksne. Ein fjerna drøvel og ofte halsmandlar med. I mange høve vart drøvelen operert ut hjå ein vaken pasient, under lokalbedøving. Etter nokre år vart det klart at effekten var forbigåande hos dei fleste, og offentleg finansiering av denne kirurgien forsvann. Men ikkje før somme kirurgar hadde tent seg søkkrike på det ein trudde var eit godt, lydreduserande inngrep.

Samstundes med denne kirurgi-euforien vart det òg satsa på utgreiing og diagnostikk av søvnapné. Ei vanleg utgreiing inneber i våre dagar fysisk undersøking hos lege og påfølgande nattleg registrering av søvnmønsteret med spesialutstyr. Utstyret har ein viss grad av eigen intelligens. Det produserer ein rapport om talet på apnéar i timen, og snorketid i prosent av natta. Her kan ein ennå ikkje lita fullt og fast på kunstig intelligens, resultata må tolkast av eit menneske med greie på slikt. 5–15 pustestopp i timen er mild søvnapné, 15–30 moderat og over 30 apnéar i timen er alvorleg søvnapne. Dei fleste av dei som møter til slik utgreiing, er også dagtrøytte, og får diagnosen søvnapnésyndrom om dei overstig fem apnéar i timen. Vi trur at apnéane tar bort den djupe søvnen, ein ligg i vasskorpa og vaker, og det vert heller ikkje nok tilførsel av oksygen til kroppen.

«Den kirurgiske entusiasmen er betydeleg redusert sidan euforien på 1990- og 2000-talet.»

Alvorleg søvnapné aukar risikoen for sjukdomar i hjarte- og karsystemet og kortar livslengda. Til dette kjem òg nedsett funksjonsnivå med trøyttleik på dagtid. Her set vegtrafikklova strenge helsekrav: Om du er dagtrøytt og søvnregistreringa syner meir enn 15 apnéar i timen, må ein legespesialist vurdere om du er skikka til bilkøyring. Her kan det ligge ubehagelege overraskingar på lur for dei som lèt seg søvnregistrera. Rett nok kan du behalda førarkortet om du får rett medisinsk handsaming, men ein del yrkessjåførar har nok vakna til ein juridisk bakrus etter utført søvnregistrering.

Så kva er behandlinga? Hjå ungar vil ein ofte sjå god effekt av kirurgisk behandling. Hjå vaksne lyt ein sjå nærare på generell helsetilstand. Overvekt er alltid uheldig, og mange får råd om å gå ned nokre kilo. Nokre har berre apnéar når dei søv på rygg, ein del av desse kan hjelpast med enkle middel som ein innsydd tennisball i T-skjorta. Dei fleste med symptomgjevande snorkesjuke vil få tilbod om overtrykksventilasjon under søvn – CPAP (Continuous Positive Airway Pressure). Denne er gullstandarden for handsaming av søvnapné, og svært effektiv når han verkar. Men etterlevinga av behandlinga er noko låg, berre litt over 50 prosent i langtidsstudiar. Dette kjem ofte av ubehag ved maskebruk under søvn. I meir moderate tilfelle kan ein òg behandla med apnéskjene, eit slag tannbeskyttar som trekkjer underkjeven fram og syter for at tunga ikkje fell bakover under søvn.

Den kirurgiske entusiasmen er betydeleg redusert sidan euforien på 1990- og 2000-talet, men siste ordet er nok ikkje sagt om kirurgi ved snorkesjuke. Ved nokre sjukdommar som gjev tett nase, kan ein få god hjelp med nasekirurgi. Enklare inngrep på falske eller ekte mandlar kan òg hjelpe. Større operasjonar på kjeve eller svelg kan vere aktuelle for dei få, men effekten må vegast mot kirurgisk risiko, som alltid.

Så, i grenselandet mot alternativ behandling, har vi former for spesialiserte øvingar og opptrening av svelg- og ansiktsmusklar. Her eksisterer behandlingstilbod (myofacial terapi) som skal ha ein viss effekt på nattleg pusteevne. Behandlinga har tiltrekt seg såpass interesse hjå medisinske hovudstraumsmiljø at det nyleg er starta ein vitskapleg studie med denne tematikken, i austlandsområdet. Vi ventar i spenning på resultata.

Hjelper det mot søvnapné å teipe munnen under søvn? Dette er ein aktuell trend på nokre sosiale medium. Det vitskaplege grunnlaget for munnteipinga er ikkje veldig solid, men ein kinesisk studie peiker på ein viss gunstig effekt ved mild søvnapné. Spør du meg, vil eg nok ikkje tilrå munn­teiping før vi veit meir, og særleg ikkje hjå dei med tett nase. Heller snorkar enn daud, seier no eg.

Niels Christian Stenklev

Niels Christian Stenklev er spesialist i øyre-nase-halssjukdomar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis