JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Om å tenke på framtidige generasjonar

Det blir hevda at noko av det verste tidlegare generasjonar har gjort mot naturen og framtidige generasjonar, var å plante gran på Vestlandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kronikkforfattaren har barndomsheimen Naustdalslia som «skjermsparar» og dekorasjon på skjermen når TV-en ikkje er i bruk.

Foto: Fotobyline

7321
20231222
7321
20231222

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skogplanting

Vi har ein TV på veggen med eit bildearkiv der ein kan velje seg eit bilde som «skjermsparar» og dekorasjon når TV-en ikkje er i bruk. Her har eg i det siste hatt oppe eit bilde av barndomsheimen, Naustdalslia, i det som for eit par–tre år sidan var Naustdal kommune. Her ser ein det som er igjen av to småbruk som var i drift til for 50–60 år sidan. Barndomsheimen er tunet til venstre. Restane av den dyrka jorda blir hausta gras på av ein av dei få gardbrukarane som framleis finst i bygda. Resten av innmarka blei planta til med gran da gardsdrifta blei lagd ned i slutten av 1960-åra.

Til skade

Vi eldre, og etter kvart gamle, har jo som kjent meir å sjå tilbake på enn vi har å sjå fram mot. Eg fekk ei påminning om dette ein dag eg sat i godstolen og bladde i Facebook med bildet av barndomsheimen på veggen. Her dukka det opp ei lengre formaning til dagens vaksne og eldre om at vi må tenke framover, på ungdommen og på framtidige generasjonar.

Dagens vaksne tenker ikkje på framtidige generasjonar, men øydelegg naturen til skade for generasjonane etter seg, blei det påstått. Noko av det verste tidlegare generasjonar har gjort mot naturen og framtidige generasjonar, var å plante gran på Vestlandet, blir det hevda. All granplantinga «har gjort stor skade på norsk kystnatur», skriv naturvernorganisasjonen Sabima på nettsidene sine. Grana er ein framand art som ikkje høyrer naturleg heime i naturen på Vestlandet.

Innsatsen til far min og alle dei andre bøndene som i si tid planta granteigane vi ser på bildet, har med andre ord vore med på å øydelegge naturen til skade for ungdommen i dag og for framtidige generasjonar.

Men dette visste dei ikkje. Tvert om. Når dei planta gran, tenkte dei truleg nettopp på framtidige generasjonar. Dei skulle late etter seg gardane sine i betre stand enn då dei sjølve overtok dei. Barskog som kunne nyttast til tømmer og bygningsmaterialar, var det lite og ingen ting av i ytre strok på Vestlandet.

Det å plante gran som i framtida kunne gje gardane bygningsmateriale til eige bruk, og kanskje også noko for sal, blei sett på som noko av det beste dei kunne gjere for å auke verdien på bruket for dei generasjonane som kom etter dei. Sjølve ville dei jo ha liten sjanse til å nyte godt av innsatsen.

Nasjonalt prosjekt

Skogreising på Vestlandet og i Nord-Noreg var eitt av dei store nasjonale prosjekta for å bygge landet etter krigen. Staten oppretta ei rad stillingar som heradsskogmeister på Vestlandet og i Nord-Noreg med oppgåve å stimulere og organisere arbeidet med skogreisinga. Dette var så viktig at også skuleborna måtte mobiliserast. For å få fart i skogreisinga blei det organisert «barnearbeid». Når vi skuleborn var komne opp i «storeskulen», blei vi kvar haust sende til skogs for å plante gran.

Dersom vi ser litt nøye på bildet frå TV-en, synest ein smal teig med gran heilt oppe i venstre hjørnet. Her var det ingen skuleklasse som var blitt utkommandert. Til det var desse fjellskortene altfor utilgjengelege. Som gutunge kan eg minnast at far min la ut om morgonen og klatra opp den stupbratte lia for å hogge ved. Veden blei send ned på løypestreng. Etter kvart som han fekk rydda bjørkeskogen, planta han gran. Dette var ein del av eigedomen som ikkje kunne nyttast til noko anna fornuftig formål. Men ved å plante gran i staden for den bjørkeskogen som blei send ned på løypestrengen, såg truleg far min for seg at verdet på eigedomen ville stige, til beste for gutungen som pusla rundt nede i tunet med streng formaning om å halde seg langt borte frå løypestrengen, slik at han kunne leve opp til å dra nytte av innsatsen.

Øks og hogstmaskin

Ikkje tenkte han vel på at den velstanden han var med å bygge, ville ta fart på ein måte som gjorde innsatsen hans i fjellskortene oppe i lia meir eller mindre verdilaus. Truleg såg han for seg at også den framtidige generasjonen, som ein gong skulle hauste av innsatsen hans, ville få fram tømmeret slik han fekk fram bjørkeveden: felle trea med handsag og øks (kanskje såg han for seg at det kunne bli råd med motorsag i den nye tid), og så løype granstokkane ned på løypestrengen. Det han ikkje kunne ha tenkt seg, var dagens moderne hogstmaskinar. Ingen hogstmaskin vil nokon gong kunne ta seg fram til dei utilgjengelege fjellskortene der han i 1950-åra trudde han planta gran til beste for framtidige generasjonar.

Når eg reflekterer over bildet på TV-skjermen, slår det meg at det ikkje er så lett å tenke på, og å planlegge for, framtidige generasjonar. Problemet med våre forfedrar var ikkje at dei ikkje tenkte på framtidige generasjonar. Problemet var at dei ikkje kunne sjå for seg korleis samfunnet, teknologien og folks preferansar ville endre seg – korleis vi i dag kort og godt har eit heilt anna samfunn enn det dei såg for seg for 60–70 år sidan. Verken far min eller dei andre skogreisarane i brattlendet på Vestlandet kunne førestille seg dagens hogstmaskinar, eller ein velstand og eit lønnsnivå som ville gjere manuell utdriving av mykje av den skogen dei planta, ulønsam, og koste meir enn det smaka.

Far min og dei andre gardbrukarane som planta til utmarka med gran, levde av og i naturen. Det var innafor denne horisonten dei såg framover. Det dei ikkje kunne sjå, var korleis synet på naturen ville endre seg med auka velstand og eit samfunn der menneska meir og meir har flytta ut av naturen. Dei som i dag styrer samfunnsdebatten om naturen, brukar også naturen, ikkje som levebrød, men som ramme for rekreasjon og fritid, og som estetiske kulissar for eit meir eller mindre urbanisert liv utafor naturen.

Framtida er usikker

Debattar om kva som vil tene framtidige generasjonar, bygger så godt som alltid på eit statisk syn på samfunnet. Liksom tidlegare generasjonar, ser også dagens debattantar for seg framtida i lys av det samfunnet dei sjølve har rundt seg, og i lys av sine eigne verdiar og preferansar. Det einaste vi kan seie heilt sikkert om framtida, er likevel at ho er usikker, og at framtidas samfunn vil sjå ganske annleis ut og møte andre utfordringar enn dagens samfunn. Framtidige samfunn vil likevel mest truleg, liksom dagens samfunn, bestå av menneske med ulike interesser, ulike syn på kva som er det gode samfunnet, og kva som er viktig. Like fullt går dagens diskusjon om framtidige samfunn som om det er heilt eintydig kva som vil vere til beste for folk i framtida. Vi overfører gjerne våre eigne verdiar og prioriteringar og dagens problemstillingar inn i framtida og føreset at det er desse verdiane som vil vere til beste for framtidige samfunn. Men her kan det hende vi gjer opp rekning utan vert. Mest truleg vil framtida sjå annleis ut enn det vi i dag ser for oss.

Nedvekstfilosofar

Men kven veit? Kanskje vil dagens nedvekstfilosofar få rett, og samfunnet vil måtte vende tilbake til ei tid basert på muskelkraft og vedfyring. Då vil vi kan hende igjen måtte ta naturen i bruk for utkomme og levebrød, og ikkje berre som kulissar for det gode urbane livet. Kanskje kjem løypestrengen opp igjen og granstokkane kan sveve luftig ned mot løypestrengfestet ovafor husa.

Jon Naustdalslid er statsvitar,
skribent og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis