Ei geopolitisk nyorientering
Krigen i Ukraina gjev meir makt til oljestatane i Midtausten.
Kronprins Mohammed bin Salman og Putin.
Foto: Pablo Martinez Monsivais / via AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krigen
Trass i vestlege skuldingar om korrupsjon og brot på menneskerettar, sist under fotball-VM i Qatar, tyder alt på at dei arabiske golfstatane i Midtausten kjem styrkte ut av dei globale fylgjene som Ukraina-krigen fører med seg.
Sjølv om dei to gonger har stemt for ein resolusjon i FN som fordømer krigen i Ukraina, har dei framleis eit godt forhold til Russland. Saudi-Arabia har det siste året investert i tre russiske oljeselskap, Qatar har halde på eigardelar i fleire russiske selskap, og Dubai i Dei sameinte arabiske emirata (Emirata) har blitt eit viktig finanssenter og ein fristad for rike russarar. Om lag 4000 russiske investorar og selskap er registrerte der, og talet på russiske turistar gjekk opp med 77 prosent frå 2021 til 2022.
Tvert imot har golfstatane sendt fleire signal om at støtte til vestleg politikk ikkje lenger kan takast for gjeve. Emirata, som har vore ein nær alliert av USA sidan sjølvstendet frå britane i 1971, avstod til dømes frå å fordøme russarane då krigen kom opp som sak i FNs tryggingsråd dagen etter invasjonen.
Audmjuking av Biden
I fjor sommar var det Saudi-Arabias tur til å audmjuke president Biden og amerikanarane. Biden nekta først å møte den mektige kronprins Mohammed bin Salman, som ifylgje ein CIA-rapport gav grønt lys til det brutale drapet på den saudiske journalisten Jamal Khashoggi i Istanbul i 2018. Men då oljeprisane flaug i vêret, inflasjonen gjekk same vegen og presidentens popularitet fall, reiste han til Riyadh og bad om høgare oljeproduksjon for å dempe prisane. Men OPEC+, under saudiarabisk leiing og med Russland som viktig medlem, vedtok å redusere produksjonen med to millionar fat per dag. I Washington blei det oppfatta som støtte til Putin og eit slag i andletet på Biden i forkant av det viktige mellomvalet.
Slike og andre episodar syner ei geopolitisk nyorientering som har vore i emning blant golfstatane i fleire år. Det gjeld særleg dei to største militærmaktene, Saudi-Arabia og Emirata, som ikkje lenger stoler på amerikanske tryggingsgarantiar. Dei har også sjølve blitt regionale stormakter med interesser i å balansere forholdet til USA, Kina og Russland. I tillegg har dei politiske leiarar som trur på «autokratisk stabilitet» som beste styreform, meir på linje med Putin og Xi Jinping enn Biden og Macron.
Tilliten til USA byrja for alvor å rakne under president Barack Obama. Hans støtte til Den arabiske våren i 2011 og atomavtalen med Iran i 2015 var spesielt upopulære. Lukka snudde då Donald Trump blei president. Han la si fyrste utanlandsreise til Saudi-Arabia der han hadde eigne forretningsinteresser. Det fyrste han gjorde, var å gå ut av atomavtalen med Iran. Han støtta krigføringa til Saudi-Arabia og Emirata mot Houthi-rørsla i Jemen, som får støtte frå Iran.
Før han gjekk av, erklærte han Houthi-rørsla som ein terrororganisasjon og fekk normalisert forholdet mellom Israel og Emirata, Bahrain, Sudan og Marokko. Drapet på Khashoggi fekk ingen fylgjer. Trump sa at han stolte på Mohammed bin Salman, som hevda si uskuld, og la vekt på den viktige rolla Saudi-Arabia hadde for USA.
Men i sitt første år heldt Biden tilbake salet av avanserte missil til Saudi-Arabia. Han fjerna Houthi-rørsla frå lista over terrororganisasjonar og tok eit aktivt grep for å gjenopplive atomavtalen med Iran. I løpet av nokre få augustdagar i 2021 trekte han så USA ut av Afghanistan, av fleire oppfatta som det endelege provet på at amerikanarane ikkje er til å stole på.
Putin svært aktiv
Medan USA har ført ein vinglete politikk, har Putin vore svært aktiv, særleg etter intervensjonen i Syria, der russiske luftangrep var med på å snu borgarkrigen til fordel for president Bashar al-Assad. Putin vert oppfatta som ein handlekraftig leiar med eit klårt syn på faren ved islamske rørsler og folkelege demonstrasjonar. Russland sette Den muslimske brorskapen på lista over terrororganisasjonar alt i 2003.
Samarbeidet mellom Saudi-Arabia og Russland i Opec+ byrja i 2016, framskunda av at USA på kort tid blei ein storprodusent av skiferolje. Begge landa har ei felles interesse i å halde oljeprisane stabilt høge. Og i 2018 etablerte Emirata ein strategisk partnarskap med Russland som inkluderer våpenkjøp.
Sjølv om USA har militært samarbeid med og basar i Qatar, Emirata, Bahrain og Saudi-Arabia, er det ikkje i desse statane si interesse å gje slepp på det gode forholdet til Russland, heller ikkje til Kina, som har blitt ein viktig handelspartnar. I løpet av dei siste 15 åra har golfstatane også blitt regionale stormakter, i tillegg til at dei er globale aktørar på andre område enn fossil energi. Emirata er ein dominerande aktør i handel med gull og store på finans, og landet er som Qatar tungt inne i sportsmarknaden (som Arsenal og Real Madrid) og luftfart (Emirates og Qatar Airways). Saudi-Arabia speler ei global rolle som islams geografiske sentrum (Mekka).
Byte gull i valuta
At statar samarbeider på nokre område med land dei elles er i konflikt med, er ikkje uvanleg, men det er særleg merkbart i Midtausten. Emirata vert skulda for å ha gjeve støtte til den berykta russiske Wagner-gruppa som er aktiv i fleire afrikanske land og i Ukraina. Flyselskapet Emirates flyg no to gonger per dag til Moskva, og det vert spekulert i om russarane vil kunne byte gull (dei produserer 330 tonn per år) mot valuta i Dubai og dermed omgå sanksjonane. Og sjølv om Emirata fryktar at Iran skal auke innflytelsen dei har i regionen, og kjempa mot Iran-støtta houthiar i Jemen, er det nok ingen land som eksporterer fleire varer til Iran, og ingen by som knyter Teheran meir til den globale økonomien, enn Dubai.
I ein region prega av komplekse og skiftande alliansar er det lite truleg at dei arabiske golfstatane vil forplikte seg til full lojalitet til Vesten og støtte til krigen i Ukraina.
Så sjølv om Biden held fram med å snakke om krigen som ein kamp mellom demokrati og autoritære regime, er det no tydeleg at USA endrar strategi og er på veg tilbake til sin tradisjonelle politikk, som er å prioritere styrking av forsvarsevna til partnarane USA har i golfen.
Nærare forhold
Det vert særleg jobba med å etablere eit nærare forhold mellom Saudi-Arabia og Israel, etter same lest som mellom Israel og Emirata, og som del av eit forsvarssamarbeid retta spesielt mot Iran. Etter Irans militære støtte til russarane i Ukraina-krigen og demonstrasjonane mot prestestyret i Teheran har Biden lagt vekk arbeidet for å revitalisere atomavtalen med Iran, og han vurderer å sette houthiane tilbake på lista over terrororganisasjonar. USA samarbeider også med Emirata og Saudi-Arabia om den politiske utviklinga i Sudan, der desse landa har store interesser, men neppe i favør av demokratiutvikling.
Sjølv om oljestatane i Midtausten framleis er viktige allierte, vert posisjonen til USA stadig meir utfordra. Det siste er ein avtale om gjenopptaking av diplomatisk kontakt mellom Saudi-Arabia og Iran, forhandla fram av Kina, som no aukar den politiske innverknaden sin i ein uroleg region.
Konkurransen mellom stormaktene kan få mange fylgjer. Ei av dei er at dei som arbeider for regimeendring eller styrking av menneskerettar i golfen, ikkje kan rekne med draghjelp frå Washington.
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens institutt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.