Den blodige sundagen i Derry

Marsjen har nådd øvst i Westland Street i Bogside 30. januar 1972.
Marsjen har nådd øvst i Westland Street i Bogside 30. januar 1972.

Kronikk

30. januar 1972 vart 13 drepne av det britiske fallskjermjegerregimentet i Derry i Nord-Irland. Ein fjortande døydde seinare av skadane han var påført.

Publisert

Dei drepne var mellom 17 og 59 år, og helvta var tenåringar. I tillegg vart minst 15 skadde. Det var det største militære massedrapet på sivile i Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland sidan 1819. Den gongen vart 15 drepne då kavaleriet gjekk til åtak på ei folkemengd som kravde reform av ordninga for parlamentsrepresentasjon.

Etter langvarig ansvarsfråskriving tok den britiske staten i 2010 ansvaret for hendingane på den blodige sundagen. Framleis er ingen dømde.

Autoritært unioniststyre

Nord-Irland vart fødd i vald, drap og fordriving i åra 1920–1922. Det nye regionparlamentet fekk breie fullmakter, og Ulster Unionist Party (UUP) og den siamesiske tvillingen Oransjeordenen var einerådande fram til 1972. Provinsen var då gjennommilitarisert. På eit areal 25 prosent mindre enn gamle Sør-Trøndelag fylke var det om lag 45.000 væpna politi og reservepoliti, i tillegg kom britiske militærstyrkar.

Special Powers Act (1922) var ei autoritær unntakslov med tøyelege formuleringar som gav eit så vidt rettsgrunnlag for maktbruk at jamvel sørafrikanske apartheidtalsmenn seinare ynskte seg liknande. Frå 1923 måtte lærarar, offentlege tenestemenn og lokale folkevalde sverje lydnadseid til dronninga og unionistregjeringa.

Lokalval vart manipulerte ved rigging av valkrinsgrenser og fleirdoble røyster til verksemdseigarar. Unionistiske leiarar oppmoda til ikkje å tilsetja katolikkar, og bruk av det irske flagget vart forbode (Flags and Emblems Act, 1954).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement