Blir Ålesund Noregs raraste kommune?

Kommunereforma av 2020 hadde som mål å skape ein meir robust kommune­struktur. Utgangspunktet var frivillige kommunesamanslåingar.

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Med råd og rettleiing skulle kommunane sjølve komme fram til det fornuftige i å slå seg saman til meir «robuste» einingar. Målet var å kombinere fleire gode formål, i første rekke: ei meir funksjonell regional inndeling (som betre samanfall mellom arbeidsmarknad og administrativ/politisk inndeling), meir kostnadseffektive tenester (som utnytting av stordriftsfordelar) og demokratisk deltaking i sjølve prosessen og styrking av demokratiet innanfor meir «robuste» einingar (som meir ansvar for større oppgåver til lokaldemokratiet).

Det har vist seg vanskeleg å sameine desse gode formåla. Det var tilfellet i samanslåingsprosessen, og det viser seg å vere tilfellet også når det nå blir opna for oppdeling av tidlegare samanslegne kommunar. Her er debatten om oppdeling av Ålesund kommune eit illustrerande døme.

Inneklemt

Lokaldemokratiet i ein del av ein region kan til dømes komme i konflikt med folkeviljen i andre delar av regionen. Såleis skreiv departementet i kommuneproposisjonen for 2015 at einskildkommunar ikkje skal kunne stanse kommunesamanslåingar «som er ønsket og hensiktsmessige ut fra regionale og nasjonale hensyn». I praksis tydde dette at dersom ein kommune blei liggande inneklemt mellom to kommunar som ønskte å slå seg saman, så kunne også den inneklemde kommunen bli inkludert i kommunesamanslåinga.

Det var dette som skjedde med Haram kommune (om lag 9300 innbyggarar) då Sandøy (om lag 1200 innbyggarar) vedtok å søke samanslåing med Ålesund. I tillegg til Haram og Sandøy blei Skodje og Ørskog inkludert i «nye» Ålesund. Sula og Giske, som mange oppfattar som bydelar i Ålesund, ville ikkje bli med inn i den nye storkommunen. Haram ligg altså mellom Ålesund og Sandøy, og for å skape ein samanhengande kommune, blei Haram inkludert i storkommunen sjølv om den lokale folkeviljen gjennom vedtak i kommunestyret ville det annleis.

«Noregs raraste»

Lenger sør på kysten, i gamle Sogn og Fjordane, ønskte Flora og Vågsøy kommunar å danne ein ny stor kystkommune. Det var berre det at mellom dei to kommunane ligg Bremanger, som aldeles ikkje ville vere med på dette. Her greip likevel ikkje regjeringa inn og tvangsinnlemma Bremanger i den nye Kinn kommune, men tillèt ein usamanhengande kommune med to timars reisetid med bil utan ferjefritt samband mellom kommunedelane. Kinn er med rette blitt kalla «Noregs raraste kommune».

Dagens regjering har opna for at kommunar som vart tvangssamslegne gjennom kommunereforma i 2020, kan be om oppløysing. Ålesund er den einaste kommunen som har sendt søknad. I utgangspunktet var ikkje fleirtalet i kommunestyret i nye Ålesund innstilt på å reversere kommunesamanslåinga, men dei valde etter at eit innbyggarinitiativ samla nok underskrifter, å gjennomføre folkerøysting om spørsmålet. Folkerøystinga blei ikkje gjennomført i heile kommunen, berre i det som før var Haram kommune. I folkerøystinga blei det stort fleirtal for å skilje ut Haram, men det var knapt fleirtal mot utskiljing i krinsane som ligg nærast gamle Ålesund. Kommunestyret sa deretter ja til deling av nye Ålesund kommune, men etter grenser der dei kommunedelane som ligg nærast bysenteret, Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda framleis skulle bli verande i Ålesund. Framlegget blei vedteke med 42 mot 35 stemmer.

Med dette vedtaket fekk kommunalministeren ei nøtt å knekke. Folkerøystinga i gamle Haram kommune gav i beste fall eit tvitydig resultat, og dei som med stort fleirtal røysta for utskiljing frå Ålesund, såg neppe for seg at dei mest bynære og vekstkraftige delane av kommunen kunne bli verande i Ålesund.

Tre løysingar

Dersom vi nøkternt og systematisk vurderer kommunestrukturen i ålesundsområdet opp mot krava om funksjonelle regionar, kostnadseffektive tenester og deltaking og demokrati, kan Stortinget nå velje mellom tre løysingar:

Kommunestyret sitt framlegg: Dette er det mest nærliggande dersom ein legg Hurdalsplattforma til grunn. Ifølgje den skal regjeringa «oppløse tvangssammenslåtte kommuner som sender søknad etter vedtak i kommunestyret». Vedtaket i kommunestyret er klart nok, men har tre effektar som må vurderast. For det første blir «nye» Haram med sine om lag 4700 innbyggarar ein relativt liten kommune. Dette har kanskje ikkje vore eit problem for kommunalministeren, men basert på tidlegare forsking er det grunn til å forvente høge administrasjonskostnadar per innbyggar og at store delar av tenestetilbodet må drivast innanfor interkommunale samarbeidsordningar. For det andre blir Sandøy, som framleis vil vere ein del av Ålesund, liggande som ein satellitt mot storhavet utan direkte kontakt med sitt eige kommunesenter. Det vil bli vanskelegare å samordne tenesteproduksjonen på øyane.

Utskiljing av heile Haram: Dette blei konklusjonen til regjeringa og truleg også den som vil samle fleirtal i Stortinget. Løysinga vil vere i tråd med det fleirtalet i folkerøystinga ønskte, men innebere at ein bryt med Hurdalsplattforma og køyrer over fleirtalet i kommunestyret i Ålesund.

Haram kommune med sine 9300 innbyggarar vil klare seg greitt, men det som samtidig blir litt borte i debatten, er at i havet utanfor Haram ligg den gamle øykommunen Sandøy med sine 1200 innbyggarar. Dei vil aldeles ikkje bli skilde ut frå Ålesund. Kinn kommune vil, som det går fram av illustrasjonen, få konkurranse som «Noregs raraste kommune». Enda meir paradoksalt er det at Sandøy frå sommaren 2022 blir knytt til øyane i Haram og Haram fastland gjennom Nordøyvegen. Løysinga vil gje ein svært lite funksjonell region.

Utskiljing av Haram og Sandøy: Dette er eit alternativ som ikkje har vore framme i debatten, men som gir den mest funksjonelle og kostnadseffektive løysinga dersom ein først skal endre grensene. Men også her møter ein på problemet med å overkøyre lokaldemokratiet. Sandøy er som vi har nemnt, sterk motstandar av løysinga.

Ingen av løysingane Stortinget står framfor, greier å sameine dei tre omsyna vi har lista opp over – demokrati, kostnadseffektivitet og funksjonalitet. Det gjer at også «status quo» bør kunne vere eit alternativ.

Ingen av løysingane Stortinget står framfor, greier å sameine demokrati, kostnads-
effektivitet og funksjonalitet.