JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Arvid Brodersens Berlin

Arvid Brodersen vart del av eit fellesskap av folk med både katolsk, protestantisk og jødisk bakgrunn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marte Michelet gjer Arvid Brodersen til ein slags nazist og antisemitt. Skal vi tru at han lurte sine jødiske vener i alle åra dei levde, spør Øyvind Glosvik.

7797
20201211

Historie

Øyvind Glosvik

7797
20201211

Historie

Øyvind Glosvik

Marte Michelet (MM) har fått hard medfart for kjeldebruken i boka Hva visste hjemmefronten (Gyldendal, 2018), dokumentert i Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste Hjemmefronten av Berggren, Bruland og Tangestuen (BBT). Det er all grunn til å vere imponert over dette arbeidet. Sjølv har eg prøvd å nærlese noko av det Michelet skriv om sosiologen Arvid Brodersen (AB), og eg finn mange ting som uroar meg.

Under krigen var Arvid Brodersen kontaktperson mellom den tyske motstandsrørsla og den norske heimefronten. Han måtte sjølv flykte til Sverige i 1944. Som Michelet fortel, vart han nytta som tolk under dei såkalla riksrådsforhandlingane i 1940. MM reiser ein hypotese om at det var fordi han hadde hatt eit nært forhold til nazismen. Ho nemner ikkje den mest opplagde grunnen til at dåverande rektor ved Universitetet i Oslo bad Brodersen om å fungere som tolk: at han var god i tysk og kjende Tyskland godt.

Brodersen tok til å studere i Berlin i 1925 og tok i 1931 doktorgrad i eit religionssosiologisk emne som empirisk bygde på jødisk historie. I tida etter studiane var han ei tid huslærar i Berlin, før han i 1932 reiste heim til Trondheim og vart lærar ved Handelsgymnasiet. I 1934 vart han henta til Universitetet i Oslo og var stipendiat ved Universitetet i Chicago (1935–1936).

Han hadde mange kontaktar i Tyskland og publiserte både der og i norske aviser om tyske emne. Michelet gjer Brodersen til ein slags nazist og antisemitt, men i sin gjennomgang av eit utval av tekstane hans, avviser BBT dette. Han var djupt konservativ, men elles er han mellom dei som ein faktisk kan dokumentere at ville gjere meir for å hjelpe jødar på flukt.

Det er likevel ikkje alle kjelder og påstandar Berggren, Bruland og Tangestuen går etter i saumane. I det følgjande ser eg difor på to andre punkt i Michelets omtale og tolking av Arvid Brodersen.

«... var ett møte nok»

I omtalen av Brodersens møte med andre norske studentar i Berlin, hevdar MM at dei vert radikaliserte, mellom anna fordi AB introduserer dei til tvilsame, nasjonalt orienterte studentmiljø.

Dette er eit fascinerande døme på konstruksjon av premissar som skal leie til ein bestemt konklusjon. Men det er lett å gå dette etter. I fotnote 24 i dette kapittelet syner Michelet til Brodersens eigen sjølvbiografi (Fra et nomadeliv, 1982) og til Terje Emberlands bok Religion og rase – nyhedenskap og nazisme i Norge 1933–1945, 2003). Hos Emberland er det i tillegg til Brodersens bok i ein fotnote synt til ein samtale med Heljar Mjøen som kjelde, utan at det konkret står kva Mjøen faktisk fortalde. Emberland skriv heller ikkje at Brodersen inviterte Hans S. Jacobsen og Albert Wiesener med på dei høgreorienterte studentfestane. Dette er det Michelet som hevdar.

Men kva seier Brodersens eigen sjølvbiografi? Jo, at «det» blei drukke mykje øl, ikkje «de», som Michelet hevdar. Bagatell? Nei, for meiningsinnhaldet vert eit anna. Hos Michelet er det Brodersen som tek med seg Wiesener og Jacobsen for å drikke enorme mengder øl i nasjonalistiske studentforeiningar. No kan det jo vere at AB faktisk gjorde det, men ein kan ikkje bruke Brodersens bok som dokumentasjon, for det han seier på side 37 i sjølvbiografien Fra et nomadeliv er: «For mitt vedkommende var ett møte nok til at jeg trakk meg tilbake». Ja vel. Dette er noko anna enn det inntrykket vi får ved å lese i Hva visste hjemmefronten. Manglande samsvar av denne sorten gjer meg uroleg.

«... den stakk dypt»

Kva veit vi elles om Brodersens liv i Berlin? Brodersen gav ut sjølvbiografien sin i 1982, og det kan hende han sminka fortida si, som Michelet hevdar, eller at han ikkje minnest alt rett. Eg har sjekka nokre av detaljane han oppgjev. Kor presis var han i skildringa av livet som student i Berlin?

Han kom til Berlin seint på hausten 1925 og skriv at han etter om lag to år flytta vekk frå huset der han budde saman med Heljar Mjøen. AB fekk ny hybel i Paulsenstrasse 55, hos den fattigfornemme Frau Geiheimrat Mehl (s. 50). I adresseboka for Berlin på den tida budde det ei fru Klara Mehl i nr. 55 L. Så skriv Brodersen at han vart sjuk, og venen Max Brünn kjem på besøk, saman med svogeren Franz Elkisch, som er er lege. Soga er vidare at AB er underernært og får tilbod om å flytte til huset der Max bur, i Grossbeerenstrasse. Mor til Max er nett avliden, og det er plass i husværet. I Jüdisches Adressbuch für Gross-Berlin, 1931–1932, står det at Dr. Franz Elkisch, Artz , bur i Joachim-Friedrich-Strasse 49 i Halensee. Så kan ein søke vidare og finne at Paula, ektefellen til Franz, og Max også var av jødisk ætt, men Franz gjekk over til den katolske kyrkja i 1943. (Franz og Paula flykta til England og USA.) Max kom seg til Noreg før krigen, men flykta vidare til England. Han vende attende etter krigen. Han og kona, som var frå den norske jødiske familien Koritzinsky, døydde i ei bilulukke i 1956.

Marte Michelet hevdar altså at Arvid Brodersen leia norske studentar til nazismen ved å introdusere dei til tyske, nasjonale studentmiljø. Brodersen på si side fortel om jødiske vener som tok seg av han under sjukdom, og at det var i ein jødisk heim han budde under skriving av doktorgradsavhandlinga, som Michelet meiner må vere «en analyse av jødenes ‘slue’ overlevelsesevne». Vel, avhandlingas første del (den teoretiske) ligg i fulltekst på Nasjonalbiblioteket, han inneheld ei fyldig oversikt over den andre, empiriske delen. Det er ikkje ein raseantropologisk studie, som Michelet meiner er sannsynleg. Kven som helst kan slå opp i innhaldslista (Brodersen, 1931, s. 87 og 88).

Kva hende elles mellom dei jødiske venene hans og Brodersen? Jo, han vart introdusert for Stefan Georges dikting, noko som Michelet får med seg, men ikkje at det gjekk djupt inn på han.

Det hemmelege Tyskland

Michelet forstår ikkje kvifor Arvid Brodersen vart kontaktperson mellom den tyske opposisjonen og heimefronten: «Det som er vanskeligere å forklare, er hvordan Brodersen senere kunne få en så viktig rolle i motstandsbevegelsen, hvordan ble Brodersen, av alle, Steltzers og Kreisau-kretsens illegale hovedkontakt i Norge?» Her snur ho poenget på hovudet, for spørsmålet er rettare kven andre enn Brodersen var betre i stand til å vere hovudkontakten i Norge?

Ja, kva var det som batt Brodersen til von Moltke og Kreisau-krinsen, og kva var det som gjorde at dei stolte på han? Dette er nok samansett, men diktaren Stefan George og miljøet rundt han er ein del av svaret. Det fanst eit konservativt Tyskland som ytte motstand mot Hitlers nasjonalsosialisme, ei idéverd Brodersen var del av, som han delte med både jødiske og tyske vener. Det handla om konservativ modernisme og eksistensialisme, mystisk lyrikk og romantisk svermeri for middelalderen.

Dette er ei reaksjonær tankeverd eg ikkje har sans for, ei usmakleg blanding av poesi og politikk, men eg les at Brodersen vart del av eit fellesskap av folk med både katolsk, protestantisk og jødisk bakgrunn. Han fortel om nært venskap med til dømes Max Brünn, livet ut. Skal vi ikkje tru han på dette? Skal vi tru at han lurte sine jødiske vener i alle åra dei levde?

Claus Stauffenberg, som utførte attentatet mot Hitler 20. juli 1944, var nært knytt til George og hans verd. Sjølv om ho prøver, synest ikkje MM å forstå den idéverda som gjorde at ein del av Tysklands elite avskydde nazismen og jødeforfølginga, sjølv om dei var aldri så reaksjonære. Difor ser ho ikkje at Arvid Brodersen var del av det miljøet ho sjølv lovpriser for varsling om jødeaksjonane.

Øyvind Glosvik

Øyvind Glosvik er statsvitar ved Høgskulen på Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dette er eit fascinerande døme på konstruksjon av premissar som skal leie til ein bestemt konklusjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis