Kristin Fridtun om raudpennSpråkHallvard HegnaAtråAt «raudpennen» er emnet for Kristin Fridtuns artikkel på side 30 i Dag og Tid nr. 22, er interessant. For korrekt språk er det største problemet for nynorsken. Ho skriv då òg at «nynorskbrukarar har ofte
At «raudpennen» er emnet for Kristin Fridtuns artikkel på side 30 i Dag og Tid nr. 22, er interessant. For korrekt språk er det største problemet for nynorsken. Ho skriv då òg at «nynorskbrukarar har ofte fleire skrivefeil enn bokmålsbrukarar». Dette kjem av at «nynorskbrukarar møter språket sitt altfor sjeldan», seier ho. Ja, det er rett. Men likevel: Kva slag nynorsk møter dei – jamt over? – Det er «den vanlege nynorsken», som ofte treng raudpenn. Det er ikkje slike feil som Fridtun kallar «dei vanlege språkfeila». Det er feil som viser at brukarane ikkje kan nynorsk godt nok.
Nynorsken er eit mindretalsspråk under press frå eit fleirtalsspråk, og bokmålet har «invadert» dialektane, slik at dei mange stader er utrudde, og nynorsk målkjensle er døyande. Dette set store krav til nynorskbrukarane: Det krev «vilje til nynorsk» – vilje til å læra språket. Men for å freista «berga» nynorsken i denne vanskelege stoda har dei som har kunna bestemma, fått vedteke ei norm med mange alternative bokmålsformer, og utan prioriteringar, som ein hadde før. Då skal alt som er innanfor norma, reknast for «like god nynorsk». «Språkleg mangfald» skal vera «løysinga» for nynorsken. Då vert «nynorsk» «litt av kvart». Men raudpenn vil ein ikkje sjå. Språket er «privatisert» – kvar og ein skal nytta «dei formene dei trivs best med» (formulering i eit saksdokument frå landsmøtet i Noregs Mållag i 2012).
Dette signaliserer at «det treng ikkje vera så nøye». Og ideologane bak denne språkpolitikken meiner visst det same. For det er tale om ein ideologi!
15. januar 2016 presenterte språkdirektør Åse Wetås og styreleiar Guri Melby seg i Klassekampen og erklærte at «dei ikkje ville vera språkpoliti». (Ifylgje ideologien er alt språk i prinsippet like godt, og ingen må kritiserast for språket sitt.)
For ein del år sidan heldt Ottar Grepstad ein tale i Hallingdal (eg var på vitjing der og kom over referatet i Hallingdølen). «Raudpennen har gjort mykje skade for nynorsken», hadde han sagt.
Jan Inge Sørbø, som no har skrive historia om «den nynorske litteraturen», er intervjua på side 16 (Dag og Tid nr. 22), og han seier mellom anna: «Det var enormt viktig for den nynorske identiteten (mi utheving) at dei hadde store diktarar.» Og han nemner Garborg som heilt avgjerande: «Då han tok til å gjere seg gjeldande, var dei i ferd med å dele opp språknorma i ulike dialektvariantar.» Då kan ein spørja: Kva er «den nynorskens identiteten» i dag?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.