Krig og vinning

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kaj Skagen leverer ein interessant analyse av krigen i Ukraina i Dag og Tid nr. 22. Analysen hans fører fram til ein konklusjon om at Ukraina bør avstå store landområde til Russland for å få slutt på krigen og dei ufattelege lidingane som fylgjer med. Grunngjevinga hans er at det er mange som talar russisk i desse områda.

Det Skagen gløymer å drøfte, er fylgjene av å løna den aggressive parten i konflikten. Han ser heller ikkje dei tydelege parallellane til innleiinga av andre verdskrigen då Hitler fekk lov til å ekspandera med same grunngjeving som den Putin bruker nå. På same vis som den gongen, er det ingen grunn til at Putin vil slå seg til tåls med ein halv siger. Om han får overta dei områda Skagen foreslår, blir det neste til dømes Moldova og heile svartehavskysten. Sjølv om det vil krevja store offer, har vesten ikkje anna val enn å stogge aggressoren og forhandle ut frå prinsippet om at krig aldri skal gagne den angripande part.