«Krig endra Grieg» – krig endrar mange

Publisert

Det var eit interessant innslag av Håvard Rem i Dag og Tid den 13. januar.

Eg er med i ein lesering som skulle samtale om romanen Huset i mørkret. Tarjei Vesaas skreiv han dei siste månadane under tysk okkupasjon i 1945. Motvillig starta eg på denne «gamle» boka, men ganske snart blei eg gripen av den repeterande rytmen og ordvala som laga ei suggererande og utrygg stemning. Med si store innsikt i menneskesinnet skildrar Vesaas ulike typar som motstandsmannen Stig, den likegyldige, medløparen, presten, og deira dilemma og val. Han tek opp store etiske problem omkring fred og krig. Ukrenkeleg liv og menneskeverd. Retten til forsvar. Plikt.

Boka blei dagsaktuell. Krigen i Ukraina. Diskusjonen i partiet Raudt omkring fredsarbeid og støtte til forsvarskrig.

Så les eg Rems «avsløring», der han meiner Grieg fråseier seg det mektige fredsdiktet «Til ungdommen», 1936, ved å skrive det krasse diktet «Øya i Ishavet», 1942. Ei setning der lyder: Drepe er alt vi skal. Eg hadde ikkje lese dette diktet før. Då eg kom til siste strofe, møtte eg Vesaas – lamslått. Grieg skriv:

Slik at en annen slekt

åpen og varm og fri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement