KrF må snakka santKRFANDERS M. ANDERSENNEDSTRANDKristeleg Folkeparti vil ha aktivt jordbruk over heile landet. Dette skreiv stortingsrepresentant Olaug Bollestad i avisene tidleg i vår. Det var ikkje sant. Ikkje då. Partiet garanterte at Høgre og Frp fekk

KrF-leiar Knut Arild Hareide møter pressa før han skal i samarbeidssamtalar med regjeringspartia og Venstre.
KrF-leiar Knut Arild Hareide møter pressa før han skal i samarbeidssamtalar med regjeringspartia og Venstre.
Publisert

Kristeleg Folkeparti vil ha aktivt jordbruk over heile landet. Dette skreiv stortingsrepresentant Olaug Bollestad i avisene tidleg i vår. Det var ikkje sant. Ikkje då. Partiet garanterte at Høgre og Frp fekk føra sin politikk i fire år, som dermed var KrF sin jordbrukspolitikk. Den var motsett.

Men no kan det bli sant. Partileiar Hareide seier KrF vil føra sin eigen politikk i Stortinget utan å binda seg til nokon kant. Det skulle vel berre mangla. Slik Stortinget no blir samansett, sit KrF i ønskeposisjon. Partiet kan få gjennom viktige saker det nokså lett kan få fleirtal for, ikkje berre jordbrukspolitikk. Og KrF kan få stoppa mykje av det partiet er imot. Ein slik posisjon har KrF aldri vore i før. Og det kan trengast.

Før stortingsvalet var KrF i den leie stoda SV, Sp og dei sjølv har vore i før. Etter å ha gjort teneste for andre parti ved å gje frå seg eigen politikk og mykje av seg sjølv gjennom fire eller åtte år, har dei kvar sin gong tapt så mykje at dei har nærma seg sperregrensa. Ikkje av at dei har gjort kompromiss, men av å gje andre fullmakt til å føra annan, motsett politikk. At Ap og Høgre tek imot makt dei på denne måten får opp i hendene, kan ein vel ikkje undrast på. Store fleirtalsparti med 45-55 prosent er dei svært langt frå å vera. Med 25-30 prosent av veljarane er dei ikkje anna enn mellomstore.

Det er i strid med det parlamentariske styringssystemet når parti med så liten tilslutnad sit heile periodar og fører sin politikk mot det fleirtalet og den politikken veljarane har sett inn på Stortinget. Det som aldri blir sagt, er at i dette er det svik mot veljarar. Dette sviket tek mange tungt , og er ferdige med partiet for alltid. Det bør partia ta tyngre enn dei har gjort. For ved å svika veljarane på denne måten, svik partia seg sjølv og blir verande små.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement