Økonomi
Krevjande tider for norske kommunar
Kommunane må flytte ressursar mellom ulike tenesteområde, til dømes frå skule til eldreomsorg.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Norske kommunar står i ein krevjande situasjon etter ei tid med sterk prisvekst, lågare skatteinntekter og høgare renter. Samstundes er det ei anna utfordring som vil prege kommunane endå meir i åra som kjem.
I Dag og Tid 9. januar 2026 tek varaordførar Inger Brokka de Ruiter (SV) til orde for eit kommuneopprør mot regjeringa . Ho meiner staten brukar for lite pengar på kommunane, og at manglande overføringar vil svekkje velferdsstaten.
For å ta det siste først: Regjeringa og Arbeidarpartiet er heilt einige i at for låge overføringar til kommunane vil svekkje velferdsstaten. Hausten 2024 vart dei økonomiske utsiktene for kommunane raskt forverra. Regjeringa følgde opp med ei ekstraordinær løyving på fem milliardar kroner i budsjettet for 2024, og har sidan styrkt dette ytterlegare.
I 2025 fekk kommunesektoren ein rekordhøg vekst i frie inntekter på om lag 15 milliardar kroner. Budsjettavtalen i Stortinget med dei raudgrøne partia, inkludert de Ruiters eige parti, SV, inneber at sektoren får ein vidare vekst i frie inntekter på rundt 8,3 milliardar kroner i 2026. KS si budsjettundersøking for 2026 viser at kommuneøkonomien utviklar seg i positiv retning, sjølv om situasjonen framleis er krevjande og mange kommunar står midt i store omstillingar.
Desse omstillingane er nødvendige. Dei neste ti åra vil dei aller fleste kommunane få langt fleire eldre og færre unge og personar i arbeidsfør alder. Endringane inneber at det i 2035 vil vere behov for å bruke om lag 47 milliardar kroner meir på helse og omsorg, medan det kan vere behov for rundt 11 milliardar kroner mindre i grunnskulen, ifølgje anslaga.
Denne situasjonen kan vi ikkje løyse med pengar åleine. I fire av fem kommunar kan den samla tilgangen på arbeidskraft gå ned med 30.000 personar dei neste 15 åra, samstundes som det berre innanfor helse- og omsorgssektoren vil vere behov for 20.000 fleire tilsette som følgje av aldrande befolkning. I tillegg kjem behova på andre område.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.