Kreativ destruksjon

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg fekk ein skikkeleg flashback til mi om lag 50-årige karriere som lærebokforfattar i samfunnsøkonomi då eg i Dag og Tid 18. mars las eit innlegg med same tittel som eg sjølv her har brukt. Faget er sterkt prega av engelske fagtradisjonar, og den norskspråklege litteraturen på området nyttar mykje engelske termar. I tillegg har det kome til eit rikt mangfald av anglisismar, det vil seie meir eller mindre vellukka fornorska engelske termar.

«Kreativ destruksjon» (creative destruction) er eit døme på det siste, men det er mange som er mykje verre. Denne termen går det an å forstå for norskspråklege, men «skapande øydelegging» er betre. Det er verre med omgrep som «direkte uproduktiv profittsøking», eller berre «profittsøking» (rent seeking) og «moralsk hasard» (moral hazard). Det første er aktivitetar særinteresser gjer for å oppnå økonomiske fordelar til ulempe for fellesskapen. Det andre er mellom anna ordningar som påverkar folks handlingar på ein samfunnsøkonomisk skadeleg måte. Det er såleis påvist at forsikringsordningar gjer at folk tar større risiko ettersom det kostar dei mindre om uhellet er ute.

Eg må vedgå at i den første tida som lærebokforfattar tok eg det ikkje så nøye, eg heller. Etter kvart innsåg eg at dette var svært uheldig for eit samfunnsfag som mellom anna er eit viktig grunnlag for den politikken som blir ført. Engelske termar og anglisismar byggjer rett og slett ein språkleg mur mellom faget på eine sida og politikarane og veljarane på den andre. Det er ei mager trøyst at andre samfunnsfag og delar av humaniora slit med same problemet.

Å skrive enkelt om vanskeleg stoff har vore ei utfordring heile tida som lærebokforfattar. Etter kvart vart god terminologi ei like stor utfordring. Det går ikkje an å kutte ut engelske termar heller. Mykje av litteraturen studentane kjem borti, er jo på engelsk. I den siste læreboka mi frå 2017 (Samfunnsøkonomi og økonomisk politikk for turbulente tider) har eg prøvd å løyse problemet ved å lage ei liste over sentrale norske termar saman med dei tilsvarande på engelsk og ei kort forklaring på kva dei betyr. Såleis nyttar eg termen «tilkarringsvirksomhet» for rent seeking og «atferdsrisiko» for moral hazard.

Det problemet eg her har omtala, er i slekt med eit anna som vart debattert for litt sidan: at undervisninga i stor og stigande grad går føre seg på engelsk av personar utan røter i norsk språk og kultur. Eg er samd med dei som ser på dette som eit stort problem, særleg for grunnutdanninga i faget. Fagspråkleg forureining i Noreg er eit undervurdert demokratisk problem.