Kraft er eit råstoff KraftKjell KjerlandGranvinFramsynte menneske her i landet såg kva ressursar som fanst i fossekrafta, og at ein ved hjelp av denne kunne foredla nærast kva vare som helst som trongst i dei fleste industriland. Om dei no vart kalla alumi
Framsynte menneske her i landet såg kva ressursar som fanst i fossekrafta, og at ein ved hjelp av denne kunne foredla nærast kva vare som helst som trongst i dei fleste industriland. Om dei no vart kalla aluminium, ferrosilisium eller anna.
Eit produkt England hadde akutt trong for då verdskrigen starta i 1914. Då industrialiseringi i England hadde kome langt nok. Såg dei på dei som kunne vera framtidige allierte. Som til dømes Noreg. Den gong meinte engelskmennene at der måtte industrien byggjast rundt engelsk kolkraft.
Likevel var ikkje England einaste industrielle stormakta i Europa. Frankrike ville òg vera med. Der var ein mykje meir opne for ressursane i fossekrafta i Noreg. Og investerte i dei freistnader som endå kom frå norske vitskapsmenn.
Dei var med ikkje minst der det starta. I Norsk Hydro. Der dei etter kvart greidde utnytta el-krafta til å framstilla høgeffektive gjødningsprodukt. Som nærast revolusjonerte jordbruket over heile verda.
Bygt på Birkeland sin freistnad på å framstilla ein «elektrisk kanon». Som elles var mislukka. Men som kravde store mengder elektrisk kraft. Det var eigentleg denne utviklinga som gjorde landet Noreg til eit industriland. Og som bremsa utflyttinga. Særleg til USA. Ledige hender kunne heller finna ein plass i vår eigen kraftforedlande industri
Og det er mitt viktigaste poeng. Ved å bruka store mengder elektrisk kraft, kunne ein framstilla produkt til stor nytte. Og då var den elektriske krafta den viktigaste innsatsfaktoren. Eller «råstoffet»! Og dette vart ei eksportvare. Den elektriske krafta vart altså eksportert i form av andre etterspurde produkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.