Kortslutninganetil SørbøHatretorikkPer Steinar RundeFosnavågJan Inge Sørbø er vanlegvis flink til å tenkje prinsipielt ut ifrå aktuelle eksempel. Men i kommentaren «Hatretorikk og humanitet» dreg han svært drastiske og allmenngjerande slutningar av justism
Jan Inge Sørbø er vanlegvis flink til å tenkje prinsipielt ut ifrå aktuelle eksempel. Men i kommentaren «Hatretorikk og humanitet» dreg han svært drastiske og allmenngjerande slutningar av justisminister Listhaugs bruk og forsvar av ordet monster om dei som valdtek småbarn eller betalar andre for å gjere det. Sørbø skriv: «Det er no i orden at den politiske leiinga for rettsvesenet brukar hatretorikk»; «det blir argumentert sterkt for at lovbrytarar skal omtalast som monster»; «dersom ein ser til at lovbrytaren blir dømd på rett måte og får juridisk hjelp, har ein svikta offeret»; «dersom regjeringsmedlemmene peikar ut monster, er det berre snakk om tid før folk tek saka i sine eigne hender og avlivar monstera».
Dette er å trekkje utsegna altfor langt. Sylvi Listhaug, som i fjor fekk sitt tredje barn, må nødvendigvis ha reagert sterkt på bilda politiet i Ålesund viste henne i førre veke. Men Sørbø tiltrur henne ikkje eit ærleg engasjement i saka: «Det handlar heilt enkelt om at ein vil finna så kjensleladde ord som mogeleg for å bruke dei politisk»; «ein gjer dei (barna) til gissel i ein skitten politisk kamp»; «Solberg-regjeringa er viljug til å slå politisk mynt på nokre av dei tristaste og vondaste sakene vi har i samfunnet vårt».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.