Kort – kortare – uklart – usant?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Å skriva kort om store hendingar er ikkje for pyser. Det veit Hege Duckert, som har tatt på seg den store oppgåva å skriva Norsk kvinnehistorie på 200 sider. Resultatet er mykje leseverdig stoff som kan inspirera til vidare lesing. Men av og til kan den knappe framstillinga bli farleg knapp.
Kvinners kamp for stemmerett er ei av mange store saker i denne boka. Sjølvsagt er det viktig å få fram både at det var få kvinner som brukte stemmeretten i starten, og at det var mykje mannfolkmotstand mot å velja kvinner.
Men komprimeringa/forkortinga går vel langt når Duckert skriv om kommunestyrevalet i 1901: «I Trondheim, Drammen og Kristiania ble alle kvinnenavn på listene strøket.»
Rask lesing utan grundig analyse gir inntrykk av at ingen kvinner vart valde i desse byane. Det stemmer ikkje. Ifølgje Statistisk sentralbyrå sin valstatistikk vart det i Trondheim valt seks kvinner som representantar og fire som suppleantar, i Drammen to representantar og åtte suppleantar og i Kristiania seks representantar og åtte suppleantar.
Ein grundigare analyse kan kanskje tolka setninga slik: «Det var nokon som strauk alle kvinnenamna på sin eigen stemmesetel.» Og det er sikkert sant. Men det fortel ikkje sanninga om valresultatet i Trondheim, Drammen og Kristiania.
14 prosent av dei 100 kvinnene som vart valde til kommunestyra i landet, vart valde i desse tre byane.
Duckert nemner også at etter stortingsvedtaket om full stemmerett for kvinner i 1913 «dro hun [Gina Krog] til et internasjonalt stemmerettsmøte i Budapest, og fortalte gledestrålende at norske kvinner omsider hadde fått fulle borgerrettigheter». Dette er heilt sant. Men ville det sprengt ramma for den korte forteljinga dersom forfattaren også hadde nemnt at Gina Krog og Fredrikke Marie Qvam reiste til denne internasjonale kongressen som oppnemnde representantar for den norske regjeringa? For dei som reiste – og for kongressdeltakarane – løfta det statusen fleire hakk.
Men om nyansar kan bli borte, skal Duckert ha ros for at ho har fått plass til å ta med den viktige opplysninga om at det slett ikkje var alle kvinner som fekk stemmerett i 1913. Dei som ikkje var økonomisk sjølvhjelpne, måtte venta til 1919, og 70 prosent av desse var kvinner.