Korreksjonar til MarkestadOmskjeringLeif KnutsenOsloVi i Det mosaiske trossamfunn i Oslo kjenner ingen som bagatelliserer eller banaliserer tidleg mannleg omskjering, og for oss er det tvert om medisinsk og etisk viktig. Difor skulle vi òg ynskje at ein ma

Faksimile frå Dag og Tid førre veke.
Faksimile frå Dag og Tid førre veke.
Publisert

Vi i Det mosaiske trossamfunn i Oslo kjenner ingen som bagatelliserer eller banaliserer tidleg mannleg omskjering, og for oss er det tvert om medisinsk og etisk viktig. Difor skulle vi òg ynskje at ein mann i ei så viktig stilling som professor Trond J. Markestad, opplyste sakleg om dei medisinske tilhøva (Dag og Tid 12. mai 2017).

Det er berre påvist kort- og langsiktige fordelar ved å vere omskoren, og risikoen for dei kortsiktige komplikasjonane er mykje lågare enn Markestad påstår når det blir gjort på kyndig vis ved ung alder: Tre store studiar viser små komplikasjonar (0,2–0,5 prosent), der «bløding» reknast som komplikasjon. Markestads spekulasjonar om underrapportering er tekne ut av lause lufta.

Alle kjende alvorlege komplikasjonar kjem av grov inkompetanse og/eller aktløyse, og vi håpar å einast om å unngå slike. Tre legar vart strengt disiplinerte etter dødsfallet i 2012, og vi undrast stort over at ingen av dei, ifølgje Markestad, gjorde noko gale.

Ved kontakt med sjukehusa der Markestad hadde studieopphald, i Canada (University Hospital i London i Ontario) og USA (Beamont Hospital i Michigan) på 70-talet, fekk vi som svar at dei ikkje kunne forstå skuldingane hans.

Vi finn ikkje grunnlag for Markestads påstand om at urinvegsinfeksjon oftare er å finne hjå omskorne amerikanske enn hjå uomskorne norske gutar.

Forsking viser at dei ein kan samanlikne med – menn omskorne (førebyggjande) som vaksne og dei kvinnelege partnarane deira – jamt over fortel om betre sex etter inngrepet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement