Korleis vart KrF på Stortinget eit sørvestlandsparti i 2017?
Når utfallet av striden i KrF er blitt forklart, har det ofte blitt vist til at partiet er eit sørvestlandsparti. Det vert illustrert ved at partiet på Stortinget berre er representert i fylka frå Telemark til Møre og Romsdal, og med to representantar frå Vest-Agder.
Denne representasjonen er ikkje eit enkelt resultat av dommen frå veljarane. Han er ikkje berre uttrykk for partiets styrke i dei ulike delane av landet. Han er vel så mykje eit resultat av ein detalj i fylkesfordelinga av utjamningsmandat som dei færraste kjenner til.
Ved Stortingsvalet i 2017 fekk KrF åtte mandat. Tre vart valde direkte frå Vest-Agder, Rogaland og Hordaland. Desse representantane er heilt ut valde som følgje av at partiet står sterkt på Sør- og Vestlandet. Fem vart valde som utjamningsmandat basert på KrFs stemmetal i heile landet. Når det vart åtte mandat totalt, talde røystene i alle fylke likt og røystene i Hedmark og Finnmark var like viktige som røystene i Aust-Agder og Hordaland. Gjennom eit reknestykke der fylkesresultata til alle parti som vinn utjamningsmandat er med, fekk KrF tildelt mandat frå Telemark, Aust- og Vest-Agder, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dermed vart representasjonen frå Sør- og Vestlandet, sjølv om mange av røystene til partiet kom frå andre delar av landet.
Fordelinga av utjamningsmandat på fylke vert fastsett ut frå ein tabell for alle parti og fylke. Tabellen syner kor stor del av eit ekstra mandat fylkespartia har røyster til. Fylkespartiet som er nærast eit mandat, vinn, og dei andre tala for dette fylket kan ein då sjå bort frå. I tur og orden gir det største talet eit utjamningsmandat, og når eit parti har fått alle sine, kan ein også sjå bort frå dette partiet i alle fylke. KrF og Venstre var i 2017 dei minste partia i utjamninga. Dei var små jamt over og fekk utjamningsmandata sine sist. Faktisk fekk desse partia berre peika ut eitt utjamningsmandat kvar før dei andre partia hadde fått peika ut alle sine. Dei sju siste kåringane var altså til KrF og V.
Partifordelinga av utjamningsmandata tek utgangspunkt i kor dårleg partia er representerte direkte frå fylka, men dette vert ikkje trekt med vidare når mandata vert plasserte i fylka. Såleis fekk KrF utjamningsmandat nr. 1, 4, 8, 11 og 18, medan dei vart fordelte til fylka som mandat nr. 5, 13, 14, 16 og 18. I motsett ende er Høgre. Partiet fekk mandat nr. 13, 15 og 17, og dei vart fylkesplasserte som nr. 1, 6 og 7. Det vil typisk vere dei største partia som får betre prioritering i fylkesfordelinga.
Det ville ikkje vore urimeleg om utpeikinga til fylke gjekk i same rekkjefølje som partia vinn mandat i utjamninga. Hadde utjamningsmandata blitt fylkesfordelte i same rekkjefølje som dei vart partifordelte, ville KrF i 2017 fått utjamningsmandat frå Møre og Romsdal, Oslo, Akershus, Østfold og Sogn og Fjordane. Då ville KrF hatt tre representantar frå det sentrale Austlandet, og partiet ville stått fram som mykje meir av eit nasjonalt parti enn det gjer no. KrF vart altså eit sørvestlandsparti på grunn av regelen for fylkesfordeling av utjamningsmandata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.