Korfor skriv ikkje trønderar nynorsk?NynorskRolv LyngstadStadI ein interessant reportasje skriv redaktør Gjerdåker (Dag og Tid nr. 12–13) om tilbakegangen for nynorsk i Trøndeleg frå tidleg etterkrigstid, da over 60 prosent av elevane hadde nynorsk som opp

Publisert

I ein interessant reportasje skriv redaktør Gjerdåker (Dag og Tid nr. 12–13) om tilbakegangen for nynorsk i Trøndeleg frå tidleg etterkrigstid, da over 60 prosent av elevane hadde nynorsk som opplæringsmål. Gjerdåker skriv at «det var nok ein tabbe at ein ikkje tok meir omsyn til trønderane i normeringsarbeidet». Sant nok, og no er nynorsken heilt ute av skolen i Trøndelag.

Synd, for det trong ikkje ha vore slik. Sjølv gjekk eg på nynorsk folkeskole på Inderøy på 1950-talet. Vi lærte vestnorske nynorskord som var framandgjerande for mange av oss, og mange gjekk etter kvart over til bokmål da dei begynte på gymnaset. Eg òg, men gjekk etter to år tilbake til nynorsk fordi eg såg slektskapen mellom dialekten min og det nynorske skriftspråket. Sidan har eg nytta nynorsk og hatt stor glede og nytte av det. Både til dagleg og i akademiske samanhengar.

Tabben som målfolket og lærarane gjorde, var altså at ein ikkje i tilstrekkeleg grad såg samanhengen mellom dialektbruken og skriftspråket. Nynorsk vart «dærres språk», og som den trønderske diktarhøvding Johan Bojer sa det: «der følte jeg meg ikke hjemme».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement