Konspirasjon mot klimaforskinga
Klaus Moen er rektor ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Mari Hult / Universitetet i Stavanger
«Om ingenting anna verkar, prøv sanninga.»
I rolla som leiar for eit mangfaldig akademisk kollegium er det av og til slik at ein kan lure på korleis ein skal posisjonere seg, kva ein skal gjere – og ikkje minst kva ein skal seie. Spesielt gjeld det om ein står mellom kryssande interesser og med press frå ulike hald. Sjølv om krava er klare om tydelege svar, er det ikkje alltid opplagt kva som er rett og gale, og heller ikkje kva som er beste utveg. Om dette fekk eg eit muntert råd ein gong, og det var: «Om ingenting anna verkar, prøv sanninga.» Så la meg difor berre seie det som det er.
Forakt for forsking
Sanninga er nemleg at det var med delte kjensler eg stilte opp ved Klimarealistene si lansering av nytt tidsskrift.
Eg forstår at folk undra seg over at eg takka ja. For her handlar det ikkje berre om skepsis til menneskeskapte klimaendringar. Her står ein overfor ein organisasjon som i same slengen avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda. Slik forsking blir underkjend av Klimarealistene, i ein tone som er konspiratorisk, og med ein retorikk som er betre eigna til å provosere enn til å legge grunnlag for refleksjon, dialog og ettertanke.
Likevel tvilte eg meg altså fram til at det beste måtte vere å stille opp. Det er fleire grunnar til det. Ideen om eit ope universitet er viktig for meg. Han spring ut or ideal om akademisk fridom og ytringsfridom, som inneber aksept for eit mangfald av meiningar og eit mål om at kunnskap, erkjenning og innsikt blir skapt gjennom høveleg meiningsbryting, kritikk og debatt. Og så langt eg kan sjå, så ville akkurat dette arrangementet vore fritt for kritiske røyster om ikkje eg hadde stilt opp.
Så difor tok eg høvet – til å seie tydeleg ifrå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.