Konsensus og vanetenking i utanriks- og forsvarspolitikkenDet er heller sjeldan me høyrer politikarar diskutera utanriks- og forsvarspolitikk. Konsensus er så viktig, heiter det. Såleis blir det meste bestemt av regjeringa i samråd med Stortingets utanriks

Publisert

Det er heller sjeldan me høyrer politikarar diskutera utanriks- og forsvarspolitikk. Konsensus er så viktig, heiter det. Såleis blir det meste bestemt av regjeringa i samråd med Stortingets utanriks- og forsvarskomité (stundom «den utvida»). Men kvart år held utanriksministeren ei utgreiing for Stortinget. I samband med årets utgreiing hadde Dag og Tid ein artikkel 2. mars der også to forskarar vart intervjua. Me får vita at denne skikken starta rundt første verdskrig, og at føremålet mellom anna var å få ein open debatt om utanrikspolitikken. Kanskje det fungerte slik i førstninga, men det fungerer iallfall ikkje slik i dag. I salen sat det 13 representantar, og talen var visst så «søvndyssende» som Iver Neuman hadde venta. Sandnes-avdelinga av Internasjonal kvinneliga for fred og frihet sende før stortingsvalet nokre spørsmål til dei politiske partia i Rogaland. Frp svara ikkje, men alle dei andre partia ville ha meir open debatt om forsvarspolitikk, både i media og på Stortinget. Då burde dei stilla i salen og koma med spørsmål og kommentarar til utanriksministeren.

Dei fleste av dagens nordmenn har levd med Nato-medlemskap heile livet. Me er opplærde til å tru at Nato er trygt og godt, så for svært mange er det sjølvsagt at me skal vera med der (gammal vane?). Men Nato i dag er ikkje det same som under den kalde krigen. Nato endra seg liksom utan at me riktig såg det og forstod det.

Søreide legg stor vekt på vår «transatlantiske forankring» – i praksis at me tilpassar oss USAs og Natos ønske. Det er lite att av sivilforsvaret og den gamle hæren av vernepliktige. I staden har me fått spesialsoldatar som deltek i Natos OutofArea-operasjonar, og me skal bruka enorme summar på 52 nye kampfly. Eg undrar: Kvar skal me bomba med dei? Me bomba jo Libya sund med dei gamle flya.

Om Russland seier ho: «Vi møter Russland med forutsigbarhet og fasthet.» Ho vil ha eit godt naboskap og aksepterer Russlands tryggingsinteresser i nord. Men følgjer handling ord her? Sett frå Moskva ser det neppe slik ut. I staden for norske soldatar får me no amerikanske soldatar på Værnes (med store våpenlager i fjellet). I tillegg skal Natos største øving haldast i Noreg i haust, frå Bodø og sørover. 35.000 soldatar skal delta 15. oktober–7. november. Mest oppsiktsvekkjande er det at også Sverige og Finland blir involverte, og dessutan stabsoffiserar frå Georgia og Ukraina. Sjølvsagt blir det oppfatta som «Nato-ekspansjon» i Moskva. Den norske baseerklæringa frå den kalde krigen (ingen atomvåpen eller framande basar i landet i fredstid) var «forutsigbar»; dagens situasjon er det ikkje.

Ola Tunander, som er forskar ved PRIO, slår fast at tryggingspolitikk handlar om geografi og interesser, ikkje om venskap og tenester, slik norske politikarar tykkjest tru. På grunn av naboskapet med Russland burde norsk tryggingspolitikk dreia seg om avspenning mellom USA og Russland, seier han.

I nemnde nummer av Dag og Tid står eit klokt innlegg av Peder Rekkedal der han uttrykkjer bekymring for veksten i militærutgifter. Den bekymringa deler eg fullt ut. Fredsforskingsinstituttet i Stockholm gir kvart år ut ein rapport med oversikt over verdas militærutgifter, våpensal og våpenkjøp. Sidan dei byggjer på opne kjelder, er det vanskeleg å få fram heilt nøyaktige tal. Men det er ingen tvil om den relative fordelinga. I rapporten frå 2015 stod det at militærutgiftene 2014 fordelt på alle verdas menneske var 245 dollar per person! Dei fem faste medlemene i Tryggingsrådet står for 75 % av våpeneksporten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement