JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kommentarar til Marte Michelet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marte Michelet overdramatiserer for å få fram sine synspunkt, skriv Bjarte Bruland.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

7173
20181123
7173
20181123

Heimefronten

Marte Michelet kom i Dag og Tid sist veke (16. november) med eit svar til mi melding av boka hennar. Ho har to innvendingar. Den eine er at eg ikkje har teke med ei setning i von Moltkes brev til kona Freya 10. oktober 1942. Det seier eg meg lei for, men Michelet nemner brevet to gonger. Eg har sett på samanhengen på side 197, ikkje på side 182–183. Eg held likevel fast på poenget mitt: Michelet spekulerer når ho hevdar at Steltzer hadde med seg informasjon om «den endelege løysinga» tilbake til Noreg, og kan ikkje vise til kjelder.

Den andre innvendinga er om Arvid Brodersen. Der meiner eg framleis at Brodersen ikkje er rett sitert. For dei som vil gjere seg opp si eiga meining, er det berre å lese Brodersens eigne ord frå 1982. Boka Fra et nomadeliv er tilgjengeleg på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Historieskrivinga til Michelet er ofte prega av analysar og konklusjonar som ikkje nødvendigvis har støtte i kjeldene. For å tydeleggjere kva eg meiner, skal eg her nemne nokre døme.

På side 175 i boka introduserer Michelet statssekretæren i det tyske innanriksdepartementet, Wilhelm Stuckart. Han var såkalla rasejurist og ein av dei som hadde utarbeidd Nürnberg-lovene. I boka forklarer Michelet at Stuckart var på reise i Noreg i byrjinga av september 1942, og at denne reisa var kopla til forarbeidet til dei to lovene som Quisling-regimet vedtok i samanheng med arrestasjonen av jødiske menn 26. oktober. Så skriv ho: «Etter sine mange runder med deportasjonseksperten Stuckart må det ha vært rimelig innlysende for von Moltke at Stuckarts Oslo-besøk betydde at de norske jødene snart sto for tur» (s. 177).

Slik det er lagt fram i boka, vert dette hovudgrunnen til at Moltke kom frå Tyskland til Oslo 15. september 1942, for å varsle Steltzer og norske motstandskrinsar. Men Stuckart var ikkje i Noreg for å førebu ei «endeleg løysing» eller anti-jødiske lover. Det kjem fram i ein omfattande rapport han skreiv til Reichsleiter Bormann (leiaren for partikanselliet) 26. september 1942. Han kom hit for å lodde stemninga i Noreg og blant kollaboratørane i Nasjonal Samling. Stuckart skriv ingenting om jødane i rapporten. Han var heller ingen «deportasjonsekspert», slik Michelet skriv. Han visste sjølvsagt at jødane vart deportert og drepne i Europa, men det finst ikkje kjende kjelder på at han visste noko konkret om den komande deportasjonen frå Noreg.

Eit anna døme er intervjuet som Ragnar Ulstein gjorde med Gunnar Sønsteby, som er ei viktig kjelde for Michelet. Her seier Sønsteby at han fekk eit varsel om dei komande jødedeportasjonane alt sommaren 42. Problemet med Michelets framstilling av dette intervjuet er at ho dramatiserer for mykje for å forsterke si eiga forteljing. Her må eg gå i detalj for å få fram dette.

Høyrer ein på lydbandet, blir samtalen mellom Ulstein og Sønsteby meir forståeleg enn slik det kjem fram i boka. Dette kan sjå ut som ein bagatell, men seier noko om dramatiseringa til Michelet. Ho har utheva «hundre prosent» i setninga: «Ja, vi kom borti dette tre måneder før dette ble iverksatt, og da var det vår hundre prosent oppfatning at jødene ville bli tatt i Norge» (s. 156). Uthevinga har ho gjort for å få fram, som ho skriv, «formuleringene Sønsteby la ekstra trykk på». Men høyrer ein på bandet, la ikkje Sønsteby på nokon måte ekstra trykk på «hundre prosent».

Ein annan plass skriv ho (s. 163) at det «ser ut til at Ulstein forsøker å få Sønsteby til å endre sin uttalelse». Her forsterkar ho på nytt si eiga forteljing. Ulstein seier på side 164 at «spørsmålet om advarsler er nokså viktig. Og som jeg veit, er jo det en av de aksjonene som kom mest overrumplende». Men denne setninga treng ikkje i seg sjølv tolkast som ein freistnad på å endre Sønstebys meining. Og det er heller ikkje noko i tonen i intervjuet som gjev inntrykk av at Ulstein er pågåande og vil overtale Sønsteby til noko som helst.

Michelet held fram (s. 176) og skriv at «delen der han presset på om forhåndsvarslet og gjorde han oppmerksom på Mendelsohn ikke er med i den transkriberte versjonen». Igjen ei dramatisering og forvrenging. Høyrer ein på intervjuet, er det ikkje tale om press på nokon måte. Ulstein er heilt roleg og også her snarare tilbakehalden i spørsmåla.

Ein annan stad att (s. 164) skriv Michelet: «Og så stopper båndopptaket. Når opptaket kommer i gang igjen snakker de om noe helt annet.»

På side 166 kjem Michelet tilbake til at bandet stogga, når ho skriv om ein samtale med Ulstein i 2018 der han seier at Sønsteby heldt fast på at han hadde fått forvarsel tre månader før. Ho skriv: «Ulstein kunne ikke helt erindre hva som skjedde da båndopptakeren ble slått av.» No «stopper» ikkje bandopptaket lenger; det blei «slått av».

Michelet skaper her ein mistanke om at bandet vart stogga av di det var tale om eit sensitivt tema, og at det kom fram opplysingar som Ulstein ikkje ville ha fram: «... men, da altså, dette spørsmålet ...». Her tenkjer nok lesarane at Ulstein meiner «spørsmålet om jødane».

Men høyrer ein på bandet stoggar ikkje bandet der Michelet meiner det gjer. På bandet fylgjer Ulstein direkte opp med eit spørsmål: «Kan man si at det var to ulike verden som taler til hverandre?» «Det var faktisk det», svarar Sønsteby og går over til å snakke lenge om at han var den fyrste som gjorde illegalt arbeid til heildagsyrket sitt, og at det var noko skremmande og ukjent i 1941–1942.

Så seier Ulstein: «Ja, ja, det er greit det. Vel altså dette spørsmålet...» Der stoggar bandet av seg sjølv. Det er kanskje rimeleg at Michelet her ymtar om at Ulstein vil ta opp att spørsmålet om jødane, men det er uklart, og det er i all fall ikkje gjort nokre freistnader på aktivt å stogge bandet fordi Ulstein ikkje ville ha opptak av noko som var sensitivt.

Michelet trur på Sønsteby. Når det gjeld ein annan viktig aktør, meiner ho at han umogleg kan ha hugsa rett. Det gjeld varslaren Wolfgang Geldmacher, som ho skriv fekk eit varsel om at ein aksjon mot jødane var på trappene «én og en halv måned før masseaksjonen [...] fant sted» (s. 173). Men Geldmacher skreiv etter krigen at han fekk ei generell melding frå Steltzer i byrjinga av oktober, ikkje i september, slik Michelet meiner. Ho forklarar i ein fotnote at Geldmacher «må ha ment begynnelsen av september, for det var da beslagene av jødiskeide villaer i Oslo begynte» (s. 376, fotnote 20).

Geldmacher skreiv rett nok rapporten sin etter krigen, og sjølvsagt kan det òg her vere tale om erindringsforskyvingar, men det er ingen andre kjelder som støttar opp om at Geldmacher hugsar feil. Michelet burde ha sannsynleggjort ein så viktig detalj langt betre enn ho gjer i boka.

Det er ingen tvil om at det er mykje interessant i Michelets bok. Slik sett er boka eit bidrag til den offentlege diskusjonen om hendingane under krigen. Men mi klare innvending er at forfattaren i boka lèt for sterke moralske føringar skine gjennom, og at ho overdramatiserer for å få fram sine synspunkt. Der ho dramatiserer, blir biletet av hendingane prega av forfattarens ynske om at historia skal gå opp.

Bjarte Bruland er historikar, forfattar av boka Holocaust i Norge og statsstipendiat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

Jan H. Landro

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis