Kommentarar til Lutzky
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Sist veke hadde Dag og Tid på trykk eit lesarbrev frå Erle Bjornstad Lutzky, «Når medier er servile, og ansvarlige går i flokk». Ho står sjølvsagt fritt til å meina kva ho vil, og eg ser det som viktig at vaksineskeptikarar kjem til orde. Men ved ein feil utfordra eg som redaktør henne ikkje på ein del faktapåstandar ho kjem med.
Her vil eg no ta tak i to av dei. Lutzky skriv:
«Hustad synes det er urimelig at folk nøler med en mRNA-vaksine som har forårsaket mer dødelighet og skader enn alle 'gammeldagse' vaksiner til sammen, ifølge Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS) i USA.»
Men dødsfall og skadar er sjeldsynte etter bruk av mRNA-vaksinar.
Ifylgje CDCs nettsider 12. januar 2022 er VAERS eit overvakingssystem som tek imot alle slags bekymringsmeldingar og avviksmeldingar om vaksinar frå kven som helst, inkludert tilfelle der det neppe er årsakssamanheng – slik tilfellet ofte er med dødsfall hjå nyleg vaksinerte individ med diverse andre sjukdomar (til dømes sjukeheimspasientar).
Det er gjeve kring 520 millionar vaksinar det siste året i USA. På denne tida har ein registrert 11.225 dødsfall etter vaksinering. Det utgjer 0,0022 prosent dødsfall etter kvar dose. Det kunne tilsvara kring 200 i Noreg. Det stemmer godt med rapporten frå Statens legemiddelverk (oktober 2021), omtala som den beste rapporteringa som finst, der det er oppført 212 slike meldingar i alt. Dei aller fleste dødsfalla var hjå skrøpelege, pleietrengjande sjukeheimspasientar, der vaksinen neppe var dødsårsak.
Andre alvorlege biverknader til dei to mRNA-vaksinane er svært sjeldsynte, som allergisk sjokk (færre enn 5 per 1 million dosar) og hjartebetennelse (cirka 2000 rapportar i USA og 95 i Noreg, og hjartebetennelse råkar helst unge menn, men som regel finst det god behandling for denne tilstanden).
Det finst ein god oversiktsartikkel frå 2015 (Miller ER & al. «Deaths following vaccination: What does the evidence show?» i tidsskriftet Vaccine) om dødsfall etter ulike typar vaksinering: der står det om ulike komplikasjonar, som regel sjeldsynte.
Men hovudpoenget her må vera at særleg mRNA-vaksinane er svært trygge på bakgrunn av at det er sett snart 10 milliardar dosar globalt. For dei andre vaksinane, Johnson & Johnson-vaksinen, til dømes, er det truleg litt fleire komplikasjonar. Det er uansett verdt å hugsa på at covid-19 så langt har teke 5,5 millionar liv globalt, ifylgje Worldometer.
Lutzky skriv vidare:
«Svært urovekkende var det da to av verdens viktigste vitenskapelige tidsskrifter, The Lancet and The New England Journal of Medicine (NEJM), publiserte falske studier 22. mai 2020 fra en database som viste seg ikke å eksistere. Disse dataene hevdet at HCQ økte hjertedødelighet for covidpasienter.»
HCQ kan påverka hjarta på ugunstig vis, det er godt dokumentert, men hovudpoenget i ei lang rekkje publikasjonar om HCQ viser at han ikkje har effekt på covid-19, både mild og alvorleg sjukdom. Hovudreferansen her er NEJM frå oktober 2020.