Kofi AnnanPolitikkEinar KringlenKofi Annan var fødd i Ghana, den første afrikanske staten som oppnådde sjølvstende frå det britiske kolonistyret. Han kom frå ein aristokratisk familie og fekk først utdanning ved en metodistisk internatskole. Sidan studerte

Publisert

Kofi Annan var fødd i Ghana, den første afrikanske staten som oppnådde sjølvstende frå det britiske kolonistyret. Han kom frå ein aristokratisk familie og fekk først utdanning ved en metodistisk internatskole. Sidan studerte han økonomi, til slutt og i USA.

Han gifta seg med ei kvinne frå ein rik nigeriansk familie i 1965. Ekteskapet vart seinare oppløyst, og han gifta seg på nytt i 1984 med ei svensk, skild kvinne som hadde arbeidt i FN som advokat.

Annans første stilling i FN kom i 1962 da han vart knytt til WHO- kontoret i Genève. Sidan arbeidde han nokre år i Afrika, men kom tilbake til New York der generalsekretæren på den tid, egyptaren Boutros Boutros-Ghali, utnemnde han til sjef for FNs fredsbevarande styrkar, noko som førte Annan inn i ei rekkje politiske konfliktar.

Annan var sjef for FNs fredsbevarande styrkar frå 1993 til 1997 – i ein periode der 18 amerikanske diplomatar i Somalia vart drepne i oktober 1993, der nesten ein million menneske vart slakta i Rwanda i 1994 og der 8000 bosniske muslimar vart massakrerte av bosniske serbarar i Srebrenica i 1995. Kofi Annan vart med rette skulda for ikkje å ha vore i stand til å berge dei som hadde sett til FN for vern og hjelp.

Ein kanadisk general som leia ein FN-tropp på 2500 mann, bad om lov til å angripe soldatar som han meinte ville massakrere tutsiar, men fekk nei av Kofi Annan. Først etter ein kritisk rapport i 1999 erklærte Annan at «all of us must bitterly regret that we did not do more to prevent the massacre».

I Bosnia vart òg FN anklaga for å vere for forsiktige. Europeiske land gjekk mot luftangrep for å stanse dei bosniske serbarane som tok Srebrenica trass i fredsbevarande tropper frå Nederland. Seinare det året inntok Annan ei tøffare line og godtok Nato-bombinga av Serbia som tvang landet til forhandlingsbordet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement