Knips tidsbilete
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Signaturen JOX skriv i Dag og Tid 24. juni 2022 om villveksten i privat fotografering med smarttelefon, nesten «vill vesten» i talet på knips eller skot. Så er det også ein litteraturprofessor frå USA, Peter Szendy, som har teke opp saka i stort, ei bok, The supermarket of the visible (2019), og ei utstilling, Le supermarché des images (2020), i det verdskjende galleriet Jeu de Paume i Paris.
Dei som ikkje kan reise, finn god dekning i avisa Libération. Szendy og kollegaer har tapetsert veggane i Jeu de Paume med tallause små skjermdumpar av digitalbilete. Og der er det 4,5 meter under taket! Overveldande, ein lyt undrast om det snart finst fleire slike bilete enn private mobilfotografar.
Og endå er ikkje bilete, og snuttar frå dei berre litt mindre private, frå overvakingskamera og så bortetter, rekna med. Sjå og bli sett, berre heilt til overmål, og til heilt private føremål, latterleg snarare enn farleg. Vi blir snart sett meir enn vi er.
Og kan hende er det vårt eige ansvar. Statsvitaren Bernard Harcourt argumenter for at vårt eige sterkare behov for å synast er avgjerande, i boka Exposed (2016). Identiteten vår er truga, alt er lov, det har vorte for slitsamt å vere seg sjølv, seier psykiater-sosiologen Alain Ehrenberg. Så lyt vi jakte på teikn frå andre på at vi finst, om enn flate, sprø og digitale.