Klimavitskap, vanleg vitskap og kakelinnaKLIMAINGVAR ÅBERGE BALESTRANDGunnar Abrahamsen skriv godt og interessant om klimaforskinga i Dag og Tid 8. desember. Vitskapen lever ikkje i eit vakuum. Han er, som Abrahamsen er inne på, omgjeven av eit samfunn med

Publisert

Gunnar Abrahamsen skriv godt og interessant om klimaforskinga i Dag og Tid 8. desember. Vitskapen lever ikkje i eit vakuum. Han er, som Abrahamsen er inne på, omgjeven av eit samfunn med til dels sterke forventningar om kva resultat han skal koma fram til. Det er det som vert kalla vitskapssosiologi, korleis vitskapen samverkar med samfunnet rundt seg. Av og til er forventningane så sterke at dei gjer det vanskeleg å få fram eit godt bilete av fakta i ei sak. Når det vert forska for å visa at klimaendringane er menneskeskapte, har ein forlate eit grunnleggjande prinsipp for vitskapeleg metode. Då driv ein det som med eit stygt ord kan kallast pseudovitskap eller med eit finare uttrykk «dårleg vitskap».

Det vert av og til påstått at dei klimaendringane som me ser i dag, er unaturleg raske. Denne påstanden vart til dømes gjenteken, i det minste implisitt, i NRKs «Festkveld for klimanerder» i november. Abrahamsen tilbakeviser påstanden på ein god måte med tilvising til geologiske observasjonar. Ein kan altså slutta at same kva som no er årsaka til klimaendringane me ser i dag, er dei ikkje raskare enn det som har vore vanleg etter siste istid.

Gunnar Abrahamsen hellar til at det kan vera auka solinnstråling som er årsaka til oppvarminga som skjer i dag. Eg vil påstå at det ikkje treng å vera heile forklaringa, sjølv om det heilt sikkert har ein del å seia i det store biletet. Eg trur heller ikkje ein kan sjå bort frå den direkte oppvarminga som kjem av at menneska brenn fossil energi og frigjer atomenergi. Dette, saman med at me har dekt ein del av jordoverflata med mørk asfalt, er opphav til det som er kjent som den urbane varmeøy-effekten. Denne effekten er veldokumentert og kan ha global innverknad via dei forsterkingsmekanismane som me veit finst i klimasystemet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement