Klima, miljø og militæreTryggleikIngegerd AustbøNo har me hatt to ekstreme somrar. Den første var kald og våt, den andre varm og tørr. Den globale oppvarminga er blitt tydeleg også hos oss. Bøndene fortvilar over fôrmangel og må slakta delar av buskapen, o

Justisminister Tor Mikkel Wara og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er i Fredrikstad for å ta imot ei skipslast med militære køyretøy til NATO-øvinga Trident Juncture. Miljøvernministeren var fråverande.
Justisminister Tor Mikkel Wara og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er i Fredrikstad for å ta imot ei skipslast med militære køyretøy til NATO-øvinga Trident Juncture. Miljøvernministeren var fråverande.
Publisert

No har me hatt to ekstreme somrar. Den første var kald og våt, den andre varm og tørr. Den globale oppvarminga er blitt tydeleg også hos oss. Bøndene fortvilar over fôrmangel og må slakta delar av buskapen, og på sikt vil truleg matprisane gå opp. Desse somrane har kanskje vore ein «vekkjar» for mange, slik som den daude kvalen som rak i land med magen full av plast.

I desse dagar driv NATO med «deployment» – utplassering – av utstyr til den store øvinga Trident Juncture. Der skal soldatar frå 30 land øva på å stå imot eit angrep frå Russland. Men kva trugar framtida mest, Russland eller faren for klima- og miljøkatastrofar?

Tal for 2017 frå SIPRI (Det internasjonale fredsforskingsinstituttet i Stockholm) viser at NATOs militærutgifter er 13 gonger større enn Russlands. Då verkar det helst absurd å tru at Russland vil gå til angrep. På den andre sida viser mange rapportar at isen smeltar overalt, og at mange område blir tørrare. Konsekvensane blir matmangel og fleire klimaflyktningar. Kva vil skje i India når isen i Himalaya smeltar? Kva vil skje med dei store kystbyane når havet stig?

Trump har sagt opp Paris-avtalen, der statane forpliktar seg til å kutta klimagassutsleppa for å stoppa oppvarminga og klimaendringane. Derimot krev Trump at NATO-landa skal auka militærutgiftene sine. Men meir militarisering vil skada klima og miljø enda meir. Militærvesenet er ikkje med i klimarekneskapen, sjølv om det står for svært mykje av klimagassutsleppa.

USAs forsvarsdepartement er det «selskapet» i verda som har det største karbonfotavtrykket. Pentagon står for meir enn 70 prosent av USAs utslepp av klimagassar (CIA World Fact Book), og det brukar dagleg meir olje enn 175 land til saman (av 210). I tillegg går det med mykje olje og naturressursar for å produsera militært materiell. Produksjon og bruk av dette fører med seg «søppel» av ulike slag. I USA er militæret den største forureinaren av vassdrag på grunn av alle militærbasane rundt om i landet. Dette har mellom anna ført til fødselsskadar og kreft blant sivile og mannskap.

Militæret skal gjera oss trygge. Då blir det eit paradoks at det er med på å gjera oss utrygge på grunn av skadane det påfører klima og miljø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement