Klåre reglarFORELDINGSverre ThuneHønefossDag og Tid skriv i leiaren 17. mars 2017 om Mahad Abib Mahamud-saka: «Mahamud har vore her sidan 2000. Dersom han har loge, så har innvandringsstyresmaktene difor så å seia brukt opp tida dei har til å avsløra han.
Dag og Tid skriv i leiaren 17. mars 2017 om Mahad Abib Mahamud-saka: «Mahamud har vore her sidan 2000. Dersom han har loge, så har innvandringsstyresmaktene difor så å seia brukt opp tida dei har til å avsløra han. Dei har ikkje gjort det dei skulle i tide, sjølv med ein ny sjanse i 2008. Dei har såleis unnlate å fylgja godt nok opp regelverket dei sjølve har laga, og såleis tapt tvikampen, og ei eller anna foreldingslov må slå inn.»
Peder Aas stal eit målarstykke frå eit kunstgalleri i 2000. Han har hatt det hangande i stova si i 17 år. Då oppdagar eigaren det stolne kunstverket i stova til Peder Aas. Kan han krevja å få det att? Eller kan Peder behalde det fordi styresmaktene så å seia har brukt opp tida dei har hatt til å avsløre han? Politiet har ikkje gjort det dei skulle i tide. Dei har unnlate å fylgja godt nok opp regelverket dei sjølve har laga, og såleis tapt tvikampen, og ei eller anna foreldingslov må slå inn?
Norsk lov er klar: Kunstgalleriet har rett til å få att målarstykket. Statsborgarskap som er gjeve på falsk grunnlag, må ein miste. Me er tente med å ha klåre reglar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.