JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Klåre omgrep trengst i den politiske debatten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3038
20231027
3038
20231027

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Replikk

I det intervjuet journalist Morten Strøksnes hadde med Linn Herning, leiar i For Velferdsstaten, under tittelen «Ut og mate bendelorm» i Dag og Tid 15. september, vart det slumsa med omgrepa privatisering og konkurranseutsetjing og sett fram påstandar frå Herning om Høgre og Framstegspartiet som ikkje vart eller kan verte underbygde.

Slikt styrkjer ikkje debatten om velferdsstatens framtid, men verkar tvert om øydeleggjande. Strøksnes kallar mitt ynske om å få klarheit i dette for «rein skolastikk», kva no det tyder i denne saka. Men om eg skal forske på og forelese og formidle kunnskap om offentleg politikk og forvaltning på ein beint fram vitskapleg måte, må slike omgrep vere eintydige og ikkje til å misforstå.

Då er det ein klar skilnad på privatisering av offentlege tenester og at dei utsetjast for konkurranse. Det kan korkje Strøksnes eller Herning argumentere seg bort frå.

Sidan samtalen mellom Strøksnes og Herning handla om resultatet av kommunevalet, kan vi kanskje i denne samanheng støtte oss på bladet Kommunal Rapport og korleis Steen Arne Hansen heldt dei to omgrepa klårt frå kvarandre allereie for eit par tiår sidan:

«Konkurranseutsetting av en tjeneste betyr at en tjeneste som i dag utføres av kommunens egne ansatte, settes ut på offentlig anbud.

Målet med dette er å få utført tjenesten på rimeligste mulige måte, uten at kvaliteten skal bli dårligere enn den er i dag, heller tvert om. [...]

Privatisering av en tjeneste har en helt annen betydning. Ved privatisering overføres både finansieringen og ansvaret for tjenesten til private aktører.

Dette fører til en avvikling av det offentlige ansvaret for en bestemt tjeneste eller virksomhet.»

Med andre ord tyder privatisering av offentlege tenester at private aktørar overtar produksjon, finansiering, ansvar og myndigheit for denne tenesta. Det skjer ikkje når me utset offentlege tenester for konkurranse.

Då er det framleis det offentlege, stat eller kommune, som står for finansiering, ansvar og myndigheit, medan produksjonen av tenesta kan utførast av kommersielle eller ideelle aktørar om det offentlege sjølve ikkje gjer dette.

Påstandane hjå Herning om at «privatisering er eit klondyke for velferdskonsern», som Strøksnes kallar sin replikk mot meg, fekk ikkje noko motspørsmål frå Strøksnes i det intervjuet som starta denne replikkvekslinga, og det saknar eg framleis.

Eg synest heller ikkje det driv velferdsstats- eller velferdssamfunnsdebatten framover når Strøksnes nyttar omgrep som «bendelorm» og «velferdsprofittørar» om dei som utfører offentlege tenester hjå private aktørar.

Synest dei tilsette i desse verksemdene at slike karakteristikkar av dei og deira innsats for å skape gode helse- og sosialtenester, trygge vilkår for born og unge, at det er heilt ok å verta stigmatisert på denne måten? Som bendelormar og profittørar?

Jan Erik Grindheim er professor ved Handelshøgskulen, Universitetet i Søraust-Noreg og tilknytt tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis