Kjøtetande hest
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I spalta «Dyrisk» med tema «Kolikk hos hest» dukka det diverre opp eit par upresise påstandar om opphavet til hestedyra og tarmsystemet til hesten.
Dei første hesteliknande dyra levde i tett jungel for 50 millionar år sidan og var små, berre 20–35 cm høge. Den meir moderne hesten dukka opp 40 millionar år seinare. Desse dyra utvikla eit levesett der dei kunne fordøye gras samstundes som ein vanleg magesekk gjorde det mogleg å vere altetarar når det var naudsynt.
På dei kalde steppane i Europa kan hestane ha overlevd dei harde vintrane ved å vere åtseletarar om vinteren og ete gras om sommaren. På Svalbard var det ikkje uvanleg at hestane måtte overleve på selkjøt og isbjørnkadaver. Mange eigarar har observert eller filma hestar som drep og et fuglar og andre små dyr dei kjem over på beitet, funn av trikinar i hestekjøt i fleire europeiske land på 70-talet kom truleg av at hestane åt rotter som kom inn i stallen, noko som førte til strengare kontroll med hestekjøt til menneskekonsum.