Kjensler er viktigare enn analyse

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Den såkalla venstresida gløymer fort. Gløymt er Vietnam, Jugoslavia, Irak, Libya og Afghanistan i dagens fordøming av den russiske intervensjonen i Ukraina. Argumentet er at USAs og Natos mange misferder i verda ikkje orsakar det russarane no gjer i Ukraina. Skilnaden er berre at tidlegare har det aldri vori tale om internasjonale straffetiltak og boikottaksjonar mot åtaksmakta.

Ein har også gløymt Cubakrisa då sovjetarane hadde vet nok til å koma til ei ordning med USA og trekte attende rakettbasane. Frå russisk side har dei peikt på at utviklinga i Ukraina lett kunne gå over ei grense om USA og Nato heldt fram med å byggja opp Ukraina som ei militærmakt med brodd mot Russland. Usanarane har ikkje gjort nokon ting for å koma til ei forståing med russarane om interessesfærar, men tvert imot, trass i tidlegare lovnader, trengt seg militært inn i den tidlegare austblokka.

Stortingspartia har aldri fått stå til rettes for noko som helst. Noreg var og er alliert med USA, men ikkje noko parti frå Høgre til Ap har nokon gong måtta svara for USAs herjingar – dei har jamvel vori med på dei i mange tilfelle – medan NKP i si tid måtte svara for intervensjonen i Ungarn (1956) i ein norsk kommunevalkamp... Det er nokså meiningslaust når det i leiaren 25. mars heiter : «Den brutale (?) krigen har øydelagt ryktet til Russland i fleire generasjonar.» Mishaget mot Russland ligg latent i folk, det skal ingen ting til før det blussar opp, og «venstresida» misser gangsynet kvar gong.

No kan vel Dag og Tid knappast reknast til venstresida, helst burde vel avisa vera nøytral i utanrikspolitiske spørsmål – i alle høve så lenge lesarkrinsen har delte oppfatningar, men leiaren i nr. 12 av bladet er eit skuledøme på korleis eigne oppfatningar og sympatiar når det gjeld tilhøve i andre land, heilt tek overhand. Leiarartikkelen er fylt av påstandar utan skugge av tvil eller vilje til nyansering. Med brei penn vert det slått fast at styreforma i Russland er autoritær, underforstått at endring berre kan skje gjennom palassrevolusjon, ikkje ved neste val. Ein tør minna om at Putin vart vald med langt sikrare margin enn Biden i USA, og at alle meiningsmålingar tyder på at han har sterk støtte i folket. Er det kan henda det russiske folket som må skiftast ut?

Det var den russiske nasjonalforsamlinga som gav klarsignal til intervensjonen til stønad for dei to republikkane i Donbass som hadde vori utsette for åtak frå den ukrainske hæren og Azov-bataljonen sidan 2014.

Sett i ettertid var det nok eit mistak av Lenin å innlemma Donbass då han i 1922 skipa den ukrainske sovjetrepublikken. Det reint russisktalande Donbass burde nok aldri ha vori med der. Diskrimineringa av russisktalande i det sjølvstendige Ukraina gjorde ikkje saka betre.

Underleg er også setninga om at «Russarane har ein kulturell skepsis til kinesarane – og ei sterk uro for Kinas geopolitiske ambisjonar». Kva redaktøren underbyggjer dette med, skulle vera interessant å vita. Kanskje burde han heller ha peika på at om Russland vert tvinga i kne, vil USA nok gå ihuga laus på Kina – endå meir enn dei gjer i dag.

Heller ikkje fell det redaktøren inn at føremålet for den russiske intervensjonen heilt frå starten kan ha vori å tryggja Donbass og å oppnå eit nøytralt Ukraina, men ikkje å fjerna Rest-Ukraina som stat, og at kan henda den økonomiske kostnaden – Vestens reaksjon – var med i reknestykket frå starten. Slike spørsmål burde i alle fall ei avis som legg meir vinn på analyse enn moralisme og «engasjement» ha teke opp til drøfting.