JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kina utfordrar USA

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4762
20230929
4762
20230929

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Brics

Gradvis og systematisk søker Kina å styrke seg som verdsmakt. Oljemarknaden er ein arena der Kina aktivt utfordrar USA, ikkje utan hell. Det strategiske målet er neppe olje, men USAs finansielle handlefridom. I utgangspunktet har USA eit stort underskot på statsbudsjettet og i utanriksøkonomien, men eit overskot på energibalansen, medan Kina har eit overskot i utanriksøkonomien og eit underskot på energibalansen. USA løyser sitt finansielle underskot gjennom dollaren som internasjonal reservevaluta, Kina løyser sitt underskot på energi gjennom import og alliansar.

USA har i mange år kunna føre ein økonomisk politikk basert på underskot fordi den amerikanske dollaren er verdas valuta. Størstedelen av verdas olje og oljeprodukt blir prisa og handla i dollar. Kjøparar av olje må først kjøpe dollar, derfor har omsetning av olje verknad for omsetning av dollar. Bruken av dollar som reservevaluta føreset at USA har underskot i utanriksøkonomien for å sikre likviditeten i verdsøkonomien. Resultatet er større handlefridom for USA, som er mindre bunde av omsyn til budsjettbalanse og handelsbalanse enn andre land.

USAs privilegium blir oppfatta som urimeleg i mange land. Kinas svar er av særleg interesse. Kina er blitt verdas største kjøpar av olje og står no for ein femdel av importen frå verdsmarknaden. Kina er utsett for både oljeprisrisiko og valutarisiko, som andre kjøparar og seljarar av olje, unnateke USA, men Kina søker å gjere noko med saka. Kina ønsker prinsipielt å gjere sin valuta, yuan, til ein internasjonal valuta, Kina ønsker også å gjere opp oljeimporten i eigen valuta, yuan. Sidan 2018 opererer oljebørsen i Shanghai i yuan. Anslagsvis står yuan for 10–15 prosent av omsetninga i verdas oljemarknad. Ein del av prisdanninga skjer direkte i yuan, ein del ved omrekning frå dollar.

Sjølv med moderate volum kan oljebørsen i Shanghai varsle større endringar. Historisk har dollarens fotfeste i oljehandel bygd på ei forståing mellom USA og Saudi-Arabia. USAs sanksjoner, som mot Iran, Russland og Venezuela, undergrev dollarens internasjonale stilling og tvingar dei ramma landa til å finne andre løysingar for oppgjer. Fleire land, som Angola, Dei sameinte arabiske emirata, Irak, Iran og Russland, sel olje til Kina i yuan.

Seljarar av olje på børsen i Shanghai kan veksle yuan i annan valuta eller kjøpe gull. Dette kan vere Kinas initiativ til eit nytt betalingssystem basert på gull. Utvidinga av Brics er ein politisk gevinst for Kina. Inntil 2023 har Brics vore ei gruppering av Brasil, India, Kina, Russland og Sør-Afrika. No blir Brics supplert av Egypt, Etiopia, Dei sameinte arabiske emirata, Iran og Saudi-Arabia og kanskje Argentina. Mange land ønsker å bli med. Resultatet kan bli at Kina får sterkare stilling i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Det nye Brics blir meir mangfaldig og meir ueinsarta i økonomiske interesser, men dei har kanskje eit felles mål om å dempe USAs økonomiske makt og dollarens stilling, og eit ønske om eit forum for å drøfte saker av felles interesse, utan dei vestlege stormaktene. Kina har tvitydige interesser når det gjeld dollaren. For ein eksportør er ein sterk dollar gunstig. For ein konkurrerande politisk aktør er ein svak dollar nyttig. Saudi-Arabia må vege sine handelsinteresser i Kina mot sine investorinteresser i USA.

Sjølv med interne skilnader har det nye Brics vekt, med 46 prosent av verdas folk, 29 prosent av verdsøkonomien, målt ved nominelle valutakursar, eller 37 prosent, målt ved kjøpekraft. Det nye Brics kan skilte med over 40 prosent av verdas påviste oljereservar. Olje er framleis verdas viktigaste handelsvare, men oljeindustrien er ikkje lenger dominert av selskap frå USA og Europa. No er selskap frå Kina, India, Russland, Midtausten, Afrika og Latin-Amerika blant dei største. Saudi-Arabia er verdas største eksportør av olje, Kina verdas største kjøpar. For båe land kan det vere urimeleg å handle olje i dollar, eit tredje lands valuta.

Nye maktforhold oppstår. Verdas politiske maktbilete frå 1945 forsvann i 1989. Verdas økonomiske maktbilete frå omkring år 1500, dominert av Europa og Nord-Amerika, forvitrar. USAs hegemoni blir svekt. Kina blir neppe nokon ny hegemon, men styrka i ei viktig rolle. Utfallet er eit mangfald av viktige land og regionale blokker. Handelsmønster og pengestraumar tilpassar seg nye politiske rammevilkår. Vesten må innsjå eit historisk skifte.

For Noreg, et lite land med open økonomi, er det viktig å følge med i verdas politiske og økonomiske skifte der ikkje-vestlege land vinn makt. Risikoen er ein svakare dollar og lægre inntekter frå Oljefondet, sjølv om oljeprisen kan halde seg høg.

Øystein Noreng er professor emeritus i petroleumsøkonomi ved Handelsøyskolen BI.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis