Kina
Kina – ei positiv kraft
Xi Jinping er president i Folkerepublikken Kina.
I Dag og Tid 29. august held Johannes Morken fram med å tilleggje meg synspunkt eg ikkje har skrive, sagt eller meint. Morken meiner å vite, eg prøver å forstå. Ja, Morken veit at Xi Jinping ser på seg sjølv som ein gud, han veit at 1,7 – ikkje 1,6 eller 1,8 – millionar muslimar har vore internerte i leirane. Det er ikkje mindre enn eit forsøk på å utslette ein heil kultur, skriv han. Han meiner utruleg nok at det ikkje høver å gi Kina klimaære, og – det vesle som fekk meg til å reagere – at Kina var gått til krig mot kyrkjene i landet.
Det går føre seg ein informasjons- og propagandakrig, og eg maktar ikkje å sjå på dette som utslag av noko anna enn det. Morken har sikkert sine grunnar, han vil rimelegvis drive misjon i midtens rike. Eg meiner Vesten av historiske grunnar skal trå varsamt, og av same grunnar finn eg det ikkje underleg at styresmaktane har eit auge eller to på det som skjer.
Eg veit ikkje mykje om dei interne tilhøva i partiet, men eg hugsar frå ein tur at kinesarane i byrjinga av Xi si leiing såg positivt på han. Xi ville gjere noko med eit av dei største problema, korrupsjon. Om det har blitt betre, veit eg lite om.
Og så har eg vore, som Morken tydelegvis ikkje skjønar, skeptisk til leirane i Xinjiang. Ja, eg trur det kan vere ille, eg er og farga av det som kjem ut av vestleg presse, men eg har så langt ikkje sett dokumentasjon på at det er slik Morken påstår at det er.
Så er det òg sånn at det nyleg har vore ein nordisk delegasjon til provinsen – ein privat ein, med høgst oppegåande menneske. Inntrykket deira er totalt annleis enn det me elles vert fortalde om av Morken og norsk presse. Og ja, moskear er det mange av i Xinjiang, og dei vert haldne godt i stand. Rapporten kan lesast på nettet («Report from the Nordic delegation to China’s Xinjiang Province, September 7–15, 2024»).
Morken er opptatt av at menneska rundt om skal få tru kva ei vil. Det er eg òg. Eg vil til og med at menneska skal få meine det dei vil. Eg er ikkje sikker på at Morken er samd i det. Sjølv menneske som eg reknar som særs modige her heime, fortel at dei ikkje lenger torer seie det dei meiner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.