Katalansk økonomi er ikkje spansk økonomi
Bilar passerer hovudkvarteret til Caixabank i Barcelona. Fleire selskap flytta hovudkontoret ut av Catalonia-regionen hausten 2017.
Foto: Manu Fernandez / AP / NTB scanpix
I Madrid slo det ned som ei bombe då tilhengarar av katalansk sjølvstende i mai i år vann ein knusande siger ved vala til Handelskammeret i Barcelona. Handelskammeret representerer dei ulike sektorane av økonomien i Barcelona-området.
For dei som har følgt med på utviklinga i Catalonia dei seinaste åra, var dette inga overrasking. Mange næringslivsleiarar har lenge vore mellom dei mest ihuga forsvararane av sjølvstende for regionen, og andre har gått gjennom ei liknande utvikling, som Joan Canadell, industriingeniør og næringslivsentreprenør: «Før var eg ikkje for katalansk sjølvstende, inntil eg oppdaga at den spanske staten ikkje vernar om interessene til katalanske bedrifter, snarare tvert imot.»
Det finst sjølvsagt ulike haldningar også i det katalanske næringslivet, men opinionsundersøkingar som er realiserte frå 2014 og fram til i dag, syner at berre rundt 15 prosent er imot katalansk sjølvstende. Og desse 15 prosentane representerer næringsgreiner som får støtte frå den spanske staten eller, som bankane, er avhengige av statlege reguleringar. Alle undersøkingane syner at katalanske næringslivsleiarar er meir for sjølvstende enn fleirtalet av katalanarane. Og absolutt alle meiningsmålingane har komme ut med over 50 prosent for sjølvstende, dei fleste godt over. Ikkje berre vil desse leiarane ha sjølvstende, dei nyttar òg eigne ressursar i denne sakas teneste.
Katalansk økonomi
I oktober–november 2017 var det stor internasjonal merksemd om dei spanske styresmaktene sitt strev for å få katalanske selskap til å flytta hovudkontor ut av Catalonia. Formålet var sjølvsagt at ein skulle ta frå katalanarane skatteinntekter og knekka ambisjonen deira om å bli uavhengige. Problemet var berre at dei få bedriftene ein klarte å lokka og truga til å flytta ut, betalte svært lite i skatt. I tillegg er det blitt oppdaga at styresmaktene i Madrid nytta gulrota meir enn pisken, og gav dei fordelar mellom anna i skattlegging.
Nyleg har den største sveitsiske avisa Neue Zürcher Zeitung «avslørt» noko ein har visst ei god stund i næringslivskrinsar i Catalonia. Trass i at den politiske krisa er eit godt stykke unna løysing, er det stadig fleire internasjonale verksemder som etablerer seg i området. I dag finst det 8600 utanlandske selskap i Catalonia, 22 prosent fleire enn i 2017, då uroa rundt folkerøysting og sjølvstendeerklæring nådde eit førebels klimaks. Merkevarer som Nestlé, Siemens og Roche har etablert nye teknologisenter i Barcelona-provinsen, eit område der bilindustrien og kjemi- og farmasiverksemdene har sterke tradisjonar. Avisa poengterer at dei som flytta hovudkvartera ut av den katalanske regionen, var små og mellomstore lokale verksemder, medan dei store multinasjonale selskapa ikkje følgde oppmodinga.
I Spania var Catalonia-regionen desidert først ute ? alt i starten av 1800-talet ? med industrialisering, lenge før sentralstyresmaktene i Madrid såg nytten av slik verksemd. Initiativrike økonomiske entreprenørar har vore vanlege i Catalonia, og er det framleis. Neue Zürcher Zeitung nemner alle start up-bedriftene i området, og framhevar spesielt kor viktig 22@de Barcelona – eit nytt område for byutvikling – er for desse nyetablerte verksemdene. Mobile World Congress, som kvart år blir arrangert i Barcelona, har gjort sitt til at informasjons- og kommunikasjonssektorane er sterkt veksande i Catalonia, med rundt rekna 16.000 små, mellomstore og store selskap, der ein til saman sysselset meir enn 100.000 personar og kan visa til ein årleg omsetning på over 16 milliardar euro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.