Kast Vegmuseet ut av forbundet

Publisert

Norsk Vegmuseum har sidan 1992 vore etatsmuseum i Vegdirektoratet, med ei fri og sjølvstendig stilling lik alle andre museum. Etter ei gjennomgripande omorganisering er det slutt på autonomien, og direktøren er redusert til lakei i eige hus. Kan slike museum vere medlem i Museumsforbundet?

Statens vegvesen er eit av landets største forvaltningsorgan. Vegvesenet – og vegane – har endra seg mykje sidan 1850-åra, og i 2020 kom signala om ei større strukturendring.

Vegmuseet, som har plassen sin i denne gigantiske organisasjonsstrukturen, er vande med endringar og tilpassar seg stadig nye verkelegheiter. Men å endre ein struktur er ikkje det same som å avvikle institusjonell autonomi.

Det er det leiinga i Statens vegvesen no gjer. Mykje står på spel for museet og truverda til den politiske leiinga i Samferdsledepartementet.

Fridomen til kulturlivet og prinsippet om armlengds avstand har vore køyreregel og bibellære i musea sidan midten av 70-talet. Uavhengig av eigarskap og ressurstilgang har prinsippet sikra autonome institusjonar med råderett over eigne ressursar og fagleg utvikling. Slik skal det vere fordi samfunnet anerkjenner musea som brikker i demokratiets infrastruktur. Ved Vegmuseet er denne fridomen truga.

Tidlegare styrte museumsdirektøren her med same mynde som museumsleiarar elles. I dag er han plassert på organisatorisk 3. nivå, fjernt frå dei strategiske samtalane, og utan direkte ansvar og tilgang til organisatoriske vedtaksorgan. Ansvaret sit ikkje lenger hjå museumssjefen, men hjå ein fagfjern direktør på eit nyoppretta organisatorisk 2. nivå. Vegvesenet er på ville vegar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement