Kan vi lære noko av spanskesjuka
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Spanskesjuka i 1918 tok livet av minst 50 millionar menneske, kanskje bortimot 100 millionar, og enda sommaren 1919 da ei tredje bylgje vart avslutta. Men viruset gav seg ikkje. I 1920 døydde så mange at ein kunne kalle det ei fjerde bylgje.
Nesten alle større byar i USA og Europa innførte restriksjonar under toppen av pandemien i 1918. Men få reagerte i 1920. Folk var leie av influensaen, styresmaktene òg. Sjølv om triste meldingar om dødsfall kom i avisene, var det få som brydde seg.
Viruset muterte til ein vanleg årsinfluensa i 1921, men verda hadde gått vidare før den tid. Kanskje burde vi i dag ikkje gjenta den feilen, sjølv om vi har god grunn til optimisme. Omikron går nå tilbake både i Europa og USA, og dei fleste her vil enten vere vaksinerte, eller dei har gjennomgått infeksjonen med styrka immunsystem.
Dessutan vil omikron, som råkar dei øvre respirasjonsorgana, ikkje så lett infisere lungene som tidlegare virus. Kanskje vil viruset på grunn av betre immunforsvar minske faren for vidare død. Det gjer oss enda meir optimistiske og likeglade etter to års pandemi.
Sjølv om meir enn 70 prosent av Amerikas vaksne befolkning har vorte vaksinerte, har framgangen stansa opp, og berre 45 prosent av folk der har nå fått tredje vaksine som vernar mot alvorleg sjukdom.
Det er nok ikkje slutt på viruset, og sjølv om nye mutantar i framtida vil vere mindre farlege, vil dei opptre tilfeldig. Det einaste sikre er at framtidsvariantar, om dei vil vere suksessrike, vil unngå immunitet og verte meir farlege. Det var tilfellet i 1920, men òg under influensapandemiane i 1957, 1968 og i 2009.
I 1968 førte ein variant i Europa til fleire dødsfall det andre året sjølv om vaksiner var tilgjengelege og mange hadde vorte infiserte. Ein studie frå England frå pandemien i 2009 viste at avvik av viruset førte til meir alvorleg sjukdom andre året etter pandemien, men likevel mindre interesse hjå folk flest.
Den næraste framtida er avhengig av viruset og korleis vi tek i bruk våre kjende tiltak: vaksinar og medikament mot viruset, munnbind, ventilering, sosial distanse utan opphald i store folkemengder. Som individ kan vi framleis handle.