Kan Vesten forhandle med Russland?

Før eller seinare må Ukraina-krigen bli gjenstand for forhandlingar. Om forhandlingar skal bli fruktbare, må begge partar legge vinn på å sjå konflikten frå den andre sida. Dette er eit universelt trekk ved forhandlingar. Dersom forhandlingar er seriøse, vil begge sider måtte vinne noko, sidan det kompromisset som kjem ut av forhandlingane, skal forsvarast.

Ved å sette seg inn i korleis motparten tenkjer, kan ein aktør sortere ut kva som er absolutte krav, og kva som er krav det kan tingast om. Forhandlingar er eit psykologisk spel. Thomas Schelling leverte i boka The strategy of conflict (1963) eit varig bidrag til forståing av internasjonale forhandlingar. Schelling la avgjerande vekt på kontekstuelle og psykologiske aspekt.

Når Russland og Vesten har enda opp med krig i vår tid, kan spørsmålet stillast: Har psykologiske og kontekstuelle aspekt fått nok merksemd? Det ser ikkje slik ut.

Kontekstuelle aspekt kan ikkje her avgrensast til den akutte krigstilstanden sidan 2014, her trengst eit lengre perspektiv tilbake til murens fall. Russland har gjennomgått ein revolusjonær transformasjon, der 1990-talet blir ståande som eit avgjerande skilje. Kunnskap om denne perioden er essensiell for å forstå Ukraina-krigen.

Boka Not one inch (M.E. Sarotte, 2021) er ein detaljert analyse av spelet mellom vestmaktene og Russland i ein periode der vindauget var ope for å få i stand varige fredsrelasjonar. Frasen «not one inch» er henta frå forsikringa som Gorbatsjov fekk frå utanriksminister James Baker om garanti mot Nato-utviding i byte mot russisk støtte til tysk gjenforeining.

Moskva under Boris Jeltsin hadde eit sterkt ønske om å ta del i ei all-europeisk ordning til avløysing for den kalde krigen. Partnership for Peace (PfP) var ein slik konstruksjon, heilhjarta støtta av Jeltsin. Da USA valde å gå for Nato-utviding, fall PfP vekk. Jeltsins draum om russisk deltaking i ei all-europeisk ordning glapp. Dette hadde psykologisk effekt, ifølgje Sarotte. Russland kjente seg ignorert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement