JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kan utsleppa av klimagassar reduserast?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4158
20231124
4158
20231124

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Klima

Det er etter kvart mange avisoppslag som viser at utsleppa av klimagassar ikkje minkar nemnande. Om to veker opnar COP 28 i Dubai. Da vil vi bli minte om dette – igjen.

Det første COP møtet skjedde i 1995 i Berlin. COP møta var ein direkte konsekvens av Rio-konferansen i 1992. Klimautviklinga var berre eitt av tre tema for konferansen. Klimakonvensjonen vart eit av resultata. Den førte til Kyoto-protokollen i 1997, som først vart sett i verk frå 2005. I 2009 fekk vi København-avtalen. Da ein møttest i Paris i 2015 til COP 21, var det lite effekt å spore frå tidlegare avtalar. Tidlegare avtalar hadde som føresetnad at dei industrialiserte landa måtte ta den første store kostnaden. Dette hadde ikkje fungert. Ein starta på nytt og laga Paris-avtalen, som skulle gi juridisk bindande mål for reduksjon av klimagassar.

Rapportane frå forskarane som følgjer med på klimautviklinga, er ikkje munter lesing. Paris-avtalens mål om å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 graders auke i høve til førindustrielt nivå – og aller helst under 1,5 grader – ser i dag ut til å vere eit umogeleg ønskjemål.

Men kvifor er det slik? Kvifor klarer ikkje dei 196 landa som har signert Paris-avtalen, å følgje opp lovnadane sine?

Eit svar kan vi finne i teorien om kollektiv handling. Om ein skal klare dei måla som er sette i Paris-avtalen, må det samarbeid til både innanfor kvart einskild land og mellom landa som signerte avtalen.

Kollektiv handling i form av samarbeid internt i eit land og mellom ulike land har vore studert i spelteorien og undersøkt i mindre skala enn det vi ser på her. Atmosfæren og verdshava er globale allmenningar i tydinga at dei er ein ressurs der det ikkje finst mynde som kan fastsetje reglar for bruken, overvake om reglane blir følgde, og sanksjonere eventuelle brot. Dei reglane som ein vart einige om i Kyoto-avtalen og sidan i Paris-avtalen, vert kanskje overvakte. Men det finst ikkje noko system for å sanksjonere. Reglane har då liten og langt frå tilstrekkeleg effekt.

Atmosfæren er det ein i teorien kallar ein open tilgangsressurs. I dei aller fleste eksperimentelle studiane endar ein med at ressursen med open tilgang vert øydelagd. I liten skala ser ein likevel at folk har klart å lage reglar og overvakingssystem som får fellesressursar til å overleve. Men det er ikkje lett å sjå at ein skal få til noko liknande på globalt nivå.

Som alle politikarar veit, er det vanskeleg å få til samarbeid om tiltak der det er motstridande interesser. Det er mange som har levebrødet sitt frå utvinning av gass, olje eller kol. Desse aktørane vil ha vondt for å setje i verk effektive tiltak.

Som vi ser i Noreg, klarer heller ikkje vi å gå i gang med dette. I mange udemokratiske land er den herskande klassen avhengig av inntekter frå slik fossilindustri. Dei vil heller ikkje skunde seg med å setje i verk reduksjonar i utvinninga. Både internt i ulike land og mellom land er alle klar over at den som først reduserer utvinninga, vil tape mest i inntekt. I tillegg veit dei også at for at vi skal nå måla i Paris-avtalen, må nesten alle vere med på reduksjonane i utvinning av fossilt karbon.

Når dette er stoda, ser vi at tilhøva for kollektiv handling er det teorien vil kalle ei sosial felle. Sidan nasjonane ikkje klarer å samarbeide om å nå eit mål der alle kan klare seg, vil dei kome til eit resultat der det kan reisast tvil om sivilisasjonen kan overleve.

I teorien om kollektiv handling finst det likevel situasjonar der ein eller to mektige aktørar ser at dei må skaffe det kollektive godet utan tanke på kva dei sjølve kan tene eller tape på det. Eit mogeleg scenario kunne vere at Kina, USA og EU, med til saman meir enn 50 prosent av globale utslepp, blir einige om kraftfulle tiltak. Klarer dei ein rask reduksjon i utsleppa, vil nok andre land komme etter, og kanskje kan vi da klare å stoppe oppvarminga ikkje så mykje over 2 grader?

Erling Berge er professor emeritus ved Fakultet for landskap og samfunn ved NMBU.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I mange udemokratiske land er den herskande klassen avhengig av inntekter frå slik fossilindustri.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis