Kan nynorsken ha visjonar? NYNORSKHALLVARD HEGNAATRÅ I nummer 19/17 av bladet Utdanning uttala Mållagsleiar Magne Aasbrenn seg om statsbudsjettet. «Saknar visjonar for nynorsken», seier han: «Mållaget ønskte seg ein million i auka løyving for nyno

Publisert

I nummer 19/17 av bladet Utdanning uttala Mållagsleiar Magne Aasbrenn seg om statsbudsjettet. «Saknar visjonar for nynorsken», seier han: «Mållaget ønskte seg ein million i auka løyving for nynorsken.»

Fyrste desember uttalar ogso redaktøren i Dag og Tid seg. Han etterlyser «ny språkmelding» og gjev med tal opplysningar som ikkje er opplyftande for nynorsken. «For heile landet er talet 12 prosent nynorskelevar», skriv han.

Med heile rapporten framføre meg kan eg leggja til at Vestlandet held stand, med Sogn og Fjordane som ein suveren einar: 98 prosent! Men seks fylke har ikkje ein einaste nynorskelev i grunnskulen, og fire andre fylke har til saman 19. I vidaregåande skule har alle fylke nynorskelevar, men i 11 av fylka er det til saman berre 60 elevar. Prosenten for vidaregåande i heile landet er 6,2.

Med desse tala i minnet kan ein spørja: Kva voner og visjonar kan ein ha for nynorsken?

Redaktøren i Dag og Tid seier om skiftet til bokmål i vidaregåande: «eit slikt skifte kan motverkast om ein får auka byrgskap for nynorsken blant unge nynorskbrukarar.» Ja, men korleis skal ein få til det?

Skal ein kunna verta byrg av eit språk, må det ha ålmenn respekt, og ein må kunna det godt. Då vert ein glad i å uttrykkja seg på det. Dette gjeld særleg for nynorsk, fordi det har ein særmerkt dåm. Kjensle for denne dåmen kan du berre få av å lesa god nynorsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement