Ukraina
Kampen for Ukraina og ukrainsk språk
Erik Klepsvik freistar setja meg sjakkmatt om Ukraina. Eg skreiv om språkleg mangfald på gata i Lviv og Kyiv, men òg at eg støttar språklova frå 2019, som favoriserer ukrainsk som statsspråk.
Lova er ikkje uproblematisk, men kva er alternativet? Jo, det er språklova frå 2012, som i praksis fekk ei rad prorussiske utslag. Men kva skjedde berre to år seinare, i 2014? Russland annekterte Krym og byrja krigen i Donbas.
Ukraina kunne då velja å gje opp alt: nasjonen, språket, kulturen.
Eller dei kunne kjempa for å overleva som nasjon – med eit sterkt statsspråk.
Klepsvik skriv: «Professoren er på turistreise i eit land som eg trudde var ‘fullskalainvadert’ av Russland. Og eg som trudde heile Noreg burde vera i offermodus for å redda Ukraina frå undergangen.»
Ei språkleg korrigering, eller j’adoube, som sjakkspelarar seier: Russland gjekk til fullskalainvasjon i 2022, men Ukraina kjempar framleis tappert for fridomen, nett for å unngå tilstanden til passivpartisippet «fullskalainvadert».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.