Kampen for eit anna tilvære
Solveig Bendixen spør i Dag og Tid den 18. juni: «Var det dette dei kava for?» Svaret er nei, far hennar var med på å følgja opp den politiske innsatsen for eit heilt anna samfunn enn det ho ser utviklar seg i dag.
I mesteparten av moderne norsk historie har politikken vore styrt av venstresida. To store venstreparti har hatt fleirtal på Stortinget. Begge to har i si tid prega samfunnsutviklinga i ei heilt anna leid enn det me ser no.
Venstre vann stortingsvalet i 1906, fekk reint fleirtal, men det sprakk då høgresida i partiet braut ut. Gunnar Knudsen danna ny regjering, ei mindretalsregjering støtta av parti til venstre for Venstre.
Justisministeren i Knudsen I-regjeringa, Johan Castberg, sikra fleirtal for «Heimfallsretten». Det definerte alle naturressursane på land som felles eigedom.
Regjeringa Gerhardsen la 30. mai 1963 olje- og gassressursane inn under heimfallsretten så me eig alle i lag også olje- og gassressursane.
Regjeringa Bratteli etablerer i juni 1972 Statoil, Den norske stats oljeselskap. Bratteli II-regjeringa kjem på plass etter stortingsvalet i 1973 med støtte frå 16 SV-representantar, den andre Bratteli-regjeringa innfører frå 1975 ein 50 prosent grunnrenteskatt på olje- og gassaktiviteten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.