«Kallen og katten» og «The Loaded Dog»Jakob SandeBjarte SindreJacob Sandes genial dikt «Kallen og katten» vart først framført i festleg lag då diktaren hadde byrja som lektor i Fredrikstad på slutten av 1930-åra. Då Sande avslutta framføringa, reiste Olav

Publisert

Jacob Sandes genial dikt «Kallen og katten» vart først framført i festleg lag då diktaren hadde byrja som lektor i Fredrikstad på slutten av 1930-åra. Då Sande avslutta framføringa, reiste Olav Beito seg, strekte hendene over hovudet og ropte: «Dette er det mest morosame diktet som er skrive i norsk litteratur sidan Wessels ’Smeden og Bageren’.»

Vi må til fulle vere samde med den seinare professoren og dialektspesialisten i godorda. Innhaldet er meisterleg og konsentrert, med eit treffande og malande ordval. Ingenting er overflødig. Diktet er lett forståeleg, svært visuelt og greitt å lære utanboks om ein det vil.

Strofeforma er uvanleg for eit dikt som dette. Sande var ein meister med form, hadde her lært av Welhaven. Han nyttar ikkje frie rytmar, slik Wessel gjorde i «Smeden og Bageren». Nei, han vel Niebelungenlied, gjort verdskjent av Heine i «Die Lorelei». (Ich weiss nicht was soll es bedeuten/ Dass ich so traurig bin.)

Dette er ei form nytta til triste og sorgsame dikt. Dei som har høyrt Sande lese «Kallen og katten», vil hugse at han las som skulle dette vere sørgjelege saker. Diktaren gjer dette heilt bevisst. Ulikskapen mellom eit burlesk innhald og ei melankolsk strofeform er komikkskapande. Wessel nyttar forresten same knepet i «Kjærleik utan sokkar», der han lar tenestejenter og sveinar tale i høgstemt stil som skulle dei vere kongar og prinsesser.

Diktet vart raskt prenta og svært populært. «Radiofantomene» Kurt Foss og Reidar Bø sette melodi til diktet og tok det opp på repertoaret sitt, og det vart eit kjært nummer for opplesarar over heile landet.

I ettertid er det mange som har hatt lyst til å knyte opphavet til dette folkekjære diktet til heimstad sin. I den framifrå biografien om Sande har Ove Eide nøye gått gjennom dette stoffet, og han kan vise til ei rekke hendingar og andre soger på folkemunne som samsvarar med Sandes dikt, mellom anna frå Eid, Bulandet, Klakegg og ei øy ytst i Dalsfjorden. Mest relevant er nok ei forteljing (skriven av ein AL) i julenummeret av Firdaljos for 1926, elevavisa på Firda landsgymnas, der Jacob Sande tok eksamen om våren. I den morosame stuttsoga «Alexander» finn vi ein handlingsgang som liknar svært på «Kallen og katten». Sande må ha kjent dette stykket, for han hadde sjølv eit dikt i bladet. Eide påviser jamvel at det finst ei liknande soge frå Colorado i USA. Konklusjonen til Ove Eide må bli at dette er ei moderne vandresegn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement