«Kallen og katten» og «The Loaded Dog»
Jakob Sande
Jacob Sandes genial dikt «Kallen og katten» vart først framført i festleg lag då diktaren hadde byrja som lektor i Fredrikstad på slutten av 1930-åra. Då Sande avslutta framføringa, reiste Olav Beito seg, strekte hendene over hovudet og ropte: «Dette er det mest morosame diktet som er skrive i norsk litteratur sidan Wessels ’Smeden og Bageren’.»
Vi må til fulle vere samde med den seinare professoren og dialektspesialisten i godorda. Innhaldet er meisterleg og konsentrert, med eit treffande og malande ordval. Ingenting er overflødig. Diktet er lett forståeleg, svært visuelt og greitt å lære utanboks om ein det vil.
Strofeforma er uvanleg for eit dikt som dette. Sande var ein meister med form, hadde her lært av Welhaven. Han nyttar ikkje frie rytmar, slik Wessel gjorde i «Smeden og Bageren». Nei, han vel Niebelungenlied, gjort verdskjent av Heine i «Die Lorelei». (Ich weiss nicht was soll es bedeuten/ Dass ich so traurig bin.)
Dette er ei form nytta til triste og sorgsame dikt. Dei som har høyrt Sande lese «Kallen og katten», vil hugse at han las som skulle dette vere sørgjelege saker. Diktaren gjer dette heilt bevisst. Ulikskapen mellom eit burlesk innhald og ei melankolsk strofeform er komikkskapande. Wessel nyttar forresten same knepet i «Kjærleik utan sokkar», der han lar tenestejenter og sveinar tale i høgstemt stil som skulle dei vere kongar og prinsesser.
Diktet vart raskt prenta og svært populært. «Radiofantomene» Kurt Foss og Reidar Bø sette melodi til diktet og tok det opp på repertoaret sitt, og det vart eit kjært nummer for opplesarar over heile landet.
I ettertid er det mange som har hatt lyst til å knyte opphavet til dette folkekjære diktet til heimstad sin. I den framifrå biografien om Sande har Ove Eide nøye gått gjennom dette stoffet, og han kan vise til ei rekke hendingar og andre soger på folkemunne som samsvarar med Sandes dikt, mellom anna frå Eid, Bulandet, Klakegg og ei øy ytst i Dalsfjorden. Mest relevant er nok ei forteljing (skriven av ein AL) i julenummeret av Firdaljos for 1926, elevavisa på Firda landsgymnas, der Jacob Sande tok eksamen om våren. I den morosame stuttsoga «Alexander» finn vi ein handlingsgang som liknar svært på «Kallen og katten». Sande må ha kjent dette stykket, for han hadde sjølv eit dikt i bladet. Eide påviser jamvel at det finst ei liknande soge frå Colorado i USA. Konklusjonen til Ove Eide må bli at dette er ei moderne vandresegn.
I Dag og Tid har det nyleg vore fleire artiklar om den australske nasjonaldiktaren, Henry Lawson, ein forfattar Jacob Sande må ha kjent seg sterkt i slekt med. Han søkte bort frå storbylarm og sivilisasjon, og han henta inspirasjon frå australsk øydemark og villmarksliv. Mellom anna heldt han seg mykje saman med gullgravarar. Nemnast må det også at han hadde norsk far som bar namnet Hertzberg.
I 1911 publiserte Henry Lawson novella «The Loaded Dog», som straks vart umåteleg populær, også langt utanfor Australias grenser. Ho kom med i antologiar med særleg morosame noveller, og eg er trygg på at ho har vore kjent mellom elevar på Firda Landsgymnas. Såleis er det vel mogleg at novella har vore malen for ALs stuttsoge i Firdaljos.
I «The Loaded Dog» er det tre gullgravarar som lagar seg ei dugeleg patron med lang lunte for å sprenge fisk i ein djup kulp i elva. Til all ulukke glefser hunden deira over patrona, og lagnaden vil at han dreg lunta gjennom stokkelden, slik at ho fatar. Dei tre mennene rømmer i redsle. Hunden trur dei vil leike, og set etter. Vi skal ikkje røpe meir av forteljinga, berre seie at ho får ein lukkeleg slutt, og hunden er den heldigaste.
Kan «The Loaded Dog» vere opphavet til vandresegna om å nytte sprengto for å ta livet av hund eller katt? I alle fall skal det forundre meg om ikkje Jacob Sande har lese Lawson på slutten av 30-åra og fått den direkte inspirasjonen, jamvel om han har hatt ALs stuttsoge i bakhovudet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.