Julesong frå vanlege folk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

(Mel.: «Julekveldsvisa» av Prøysen/Høyland)

Songen er tileigna Støre-regjeringa.

No har vi slått av lyset og varmepumpa med
og brent opp siste kubbane av sekkane med ved.
Og målestokken viser sju–åtte under null,
for kraftselskap og staten er situasjonen gull!

Dei folkevalde går der og alle lurer på
om noko av gevinsten til vanleg folk må gå?
Og Støre dreg ut tida, men trøystar oss med ord,
for det er varmt og lunt på alle statsrådars kontor.

Og medan vi slår floke, så ønsker vi oss det
at vår sak blei behandla av same komité
som raust og fort slår fast: ein million det treng dei sårt,
dei som fekk bygd ut kablane, ja, stortingsfolket vårt.

Det blir nok ikkje lett, for dei strevar utan tvil
med rekning og distansar, kor langt er fire mil?
Så korleis kan vi vente at nokon av dei veit
kva vanleg folk betalar for hus og leilegheit?

Men stortingsfolket smiler og seier så som så:
«Det er morosamt med jula for oss med lyset på.»
I pendlarleilegheita er masse gratis straum,
ei hjelp til «dei som treng det mest», ein heilt «treffsikker» draum.

Men dusjen min er tørr, ikkje antyding til fukt,
men pytt, kor fort ein venner seg til kvarandres lukt.
Så møta bort i Glasgow var sløseri med peng,
ei ekstra global oppvarming er nettopp det vi treng.

Eit juleønske går no til Støre, det er sant,
om kan han berre avsjå til vanleg folk ein slant?
Då kan vi kjøpe kjertelys og fyrstikkesker med
og ullsokkar på Fretex, så tusen takk for det!