Jon Hustad og hjelpeparadoksetINNVANDRINGGUNNAR DOKKAI Dag og Tid 8. desember skriv Jon Hustad om «Hjelpeparadokset», som han hevdar er at Noreg i år nyttar 6,7 milliardar kroner på å hjelpa knapt 6000 mindreårige asylsøkjarar her i landet, medan vi same å
I Dag og Tid 8. desember skriv Jon Hustad om «Hjelpeparadokset», som han hevdar er at Noreg i år nyttar 6,7 milliardar kroner på å hjelpa knapt 6000 mindreårige asylsøkjarar her i landet, medan vi same år nyttar 1,25 milliardar på å hjelpa 12 millionar syrarar i nærområda. Eg oppfattar Hustad som at han meiner vi heller burde senda meir pengar ut og bruka mindre her heime. Greitt nok, men …
Eg tvilar ikkje på tala til Hustad, men er dei eigna for samanlikning? Pengar vi gjev bort og sender ut av landet, er tapte for norsk økonomi, men dei 6,7 som vert nytta her i landet, går inn i den norske sirkulasjonen til å betala for varer og tenester. Og med norsk nivå på inntektsskatt og meirverdiavgift vil om lag 40 prosent av summen vera attende i statskassa alt etter første runde. Det er med andre ord ikkje berre asylsøkjarane som nyt godt av denne pengebruken, men òg svært mange norske. Må ein ikkje inn med ein eller annan multiplikasjonsfaktor før ein kan seia noko om kva verknad bruken av 6,7 milliardane kroner har på norsk økonomi? Då dette ikkje er mitt fag, oppmodar eg Hustad om å fortelja oss kva som er den samfunnsøkonomiske verknaden av å bruka 6,7 milliardar kroner i norsk økonomi, sett opp mot å senda 1,25 milliardar ut av landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.