Jolgrødalen – Haramsøya – Sulafjellet

Henrik Straumsheim (1893–1975).
Henrik Straumsheim (1893–1975).
Publisert Sist oppdatert

Her om dagen kom eg over denne vesle diktsamlinga, Fjordlandet – Dikte, av Henrik Straumsheim frå 1931. Her fann eg diktet Jolgrø-dalen. Eg må mest smile for meg sjølv. At folk har vore opptekne av og kjempa for å kunne ferdast i urørt og uforstyrra natur, er så visst ikkje noko nytt. Å vere der midt i naturen utan annan naturframand lyd enn sauebjølla og skvalp frå termoskoppen når du rastar i lyngen, gir fred i sinnet og kveik til ein sliten kropp, beint fram opplevingar til å leve på. Såleis går det snart hundre år gamle diktet på sett og vis rett inn i debatten og usemja om omstridde naturinngrep mange stader i Noreg og i verda, og nærast oss no det som skjer på Haramsfjellet og planane om gondolbane og restaurant på Sula.

Her er nokre av strofene:

Innanfor Jolgrø-votna

under ei rad av tindar

fann eg ein fager fjelldal,

urøyvd og lite kjend;

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement