Kronikk

Jødehatet i kristen tradisjon

I år er det 100 år sidan første bandet av Adolf Hitlers Mein Kampf vart publisert. Ein skal ikkje ha lese mange sidene før ein erfarer at boka er ein orgie i jødehat og antisemittisme.

Ei gul stjerne, «jødestjerna», utstilt på holocaustmuseet Yad Vashem i Jerusalem i Israel.
Publisert

Hitler tok i bruk det meste av det som fanst av jødefiendtlege skjellsord. Jødane var parasittar og skadedyr, berarar av ein åndeleg pest som var verre enn svartedauden. Dei fekk også ansvaret for Tysklands samanbrot i 1918, og han kalla den første demokratiske regjeringa eller keisardømets fall for ei rein «jøderegjering».

Men Hitler gjekk eit steg vidare. Allereie i kapittel 2 av Mein Kampf ville han gi antisemittismen ei religiøs legitimering: «Når eg forsvarar meg mot jødane, kjempar eg for Herrens verk.»

Ved hjelp av slike formuleringar fekk Hitlers misjon ein guddommeleg sanksjon. Hitler ville gjerne bli oppfatta som ein person med profetiske nådegåver, ein utvald mann som Gud tok i bruk for å tale til tyskarane.

Kristent jødehat

Hitlers påstand om at kampen mot jødane var ein kamp for «Herrens verk», viser at han, bevisst eller ubevisst, knyter an til ein kristen antijudaistisk og antisemittisk tradisjon. I dei mange diskusjonane om antisemittismen i den siste tida er det knapt nokon som har fått med seg at jødehatet også er del av ein lang kristen tradisjon. Allereie i Det nye testamentet blir jødane demoniserte som «Satans ormeyngel» og «Djevelens born». I Apostelgjerningane vart det fleire gonger understreka at det var jødane som hadde ansvaret for at Jesus vart korsfesta. Det var byrjinga på det som skulle bli det lengste hatet. Kombinasjonen av kristne fordommar og folkeleg jødehat låg til grunn for dei fleste pogromane og forfylgingane av jødar i store delar av mellomalderen.

Det kristne jødehatet nådde eit førebels høgdepunkt med Martin Luthers traktat Von den Jüden und iren Lügen («Om jødane og løgnene deira») (1543). Hos Luther blir den nytestamentlege demoniseringa av jødane vidareført. I striden mellom Gud og Satan har jødane alliert seg med Satan. Ifølgje Luther var jødane «omskorne av djevelen», «arrogante ågerkarar», «stinkande avskum» og «giftslangar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement