Jødedommen i skolenIsraelArnulf GladSortland i VesterålenI Dag og Tid 25. mai kommenterer adjunkt Bjarte

Publisert

I Dag og Tid 25. mai kommenterer adjunkt Bjarte Runderheim lektor Espen Tørsets ordskifteinnlegg i Dag og Tid 18. mai, der han sakleg greier ut kor farleg det er å gløyme jødedommen i skolen.

Bjarte Rundereim er òg religionslærar, men har eit heilt anna grunnsyn omkring årsaka til den aukande antisemittismen rundt om i Europa. Han trur at antisionisme er ei årsak til antisemittiske haldningar.

Eg er pensjonert adjunkt med fagkrins engelsk, nordisk, historie og kristendom religion og livssyn og er så langt einig med Bjarte Rundereim. Antisemittismen og antisionismen har alltid vore skyldfolk, og skyldfolk påverkar kvarandre.

Som religionslærar må ein, enten ein er konservativ kristen, agnostikar eller ateist, vere intellektuelt heiderleg. Ein kan då starte med kva tid det blei eit problem for jødar å være sionistar? Kven skapte denne rørsla som er kalla antisionisme?

Antisionismen, i den røynlege verda, tok til for alvor to år før seksdagarskrigen i Midtausten i 1967. Sovjets FN-delegasjon påstod då at sionismen er ei form for rasisme, og stilte med det spørsmålsteikn ved Israels grunnleggjande rett til eksistens. Spira til hat frå verdssamfunnet mot jødane i Israel blei følgt opp av generalforsamlinga i FN, som 10. november 1975 gjennom resolusjon 3379 vedtok at den nasjonale fridomsrørsla til jødane, sionismen, var rasisme.

Det tidlegare initiativet frå Sovjetsamveldet demonstrerer at kampanjen for å demonisere og ta frå Israel legitimitet, handlar primært ikkje om å reformere eller avslutte kontrollen over land som Israel tok i 1967. Det er meir døme på målretta fjerning av den jødiske statens eksistens.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement